Bilal Saab

norsk songar og musikar

Bilal Alexander Saab (fødd 16. mars 1999 i Hasvik) er ein norsk songar og musikar, best kjend for å vere frontfigur i bandet NorthKid.[1] Han er også kjend for å ha vunne den åttande sesongen av Stjernekamp i 2019 og den tredje sesongen Maskorama hausten 2022.

Bilal Saab
Fødd16. mars 1999 (25 år)
FødestadHasvik kommune
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar

Bakgrunn endre

Saab er fødd og oppvaksen på Sørøya i Hasvik kommune i Finnmark, med far av libanesisk opphav og mor frå Finnmark. Han gjekk i perioden 2015–2018 på musikklinja ved Alta videregående skole.[2][3]

TV-framsyningar endre

Hausten 2019 deltok Saab i den åttande sesongen av Stjernekamp. Han kom til finalen og vann over Kim André Rysstad.[1]

Våren 2022 deltok Saab som vokalist for bandet NorthKid i Melodi Grand Prix 2022, med låten «Someone».[4]

Hausten 2022 deltok Saab i Maskorama, som «Zombien», og vann finalen laurdag 19. november.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 NTB (26. oktober 2019). «Bilal Saab (22) vant Stjernekamp». ABC Nyheter. Henta 29. oktober 2019. 
  2. «Får skryt av Bilal». NRK. 23. oktober 2019. Henta 29. oktober 2019. 
  3. «Polarfuglen». NRK. 17. november 2019. Henta 19. februar 2022. 
  4. Hyttebakk, Jon Marius (10. januar 2022). «Disse skal være med i Melodi Grand Prix 2022». NRK (på norsk bokmål). Henta 12. januar 2022. 
  5. Borgen, Espen (19. november 2022). «Vinneren er kåret – her kaster han maska». NRK (på norsk). Henta 19. november 2022. «Zombien stakk velfortjent av med seieren i høstens Maskorama.» 

Bakgrunnsstoff endre