Maskorama

norsk underhaldningsserie frå 2020

Maskorama er eit fjernsynsprogram som er den norske utgåva av det internasjonale konseptet The Masked Singer. Silje Nordnes er programleiar for Maskorama.[1]

Maskorama
Typefjernsynsprogram
Sjangertalentkonkurranse, musikkprogram
OpphavslandNoreg
Språknorsk
Basert påKing of Mask Singer
KanalNRK1

Konsept endre

Konseptet går ut på at eit «detektivpanel», beståande av kjendisar, saman med publikum skal gjette kva for kjendisar som har ikledd seg spektakulære kostyme og masker og framfører eit musikalsk nummer av høg kvalitet. Deltakarane har fordreia stemme i alle samanhengar, bortsett frå når dei syng live. Etter at alle framsyningar har vorte gjennomførte, skal publikum røyste på sine favorittar, og den som får færrast røyster er ute av tevlinga og må «ta av seg maska og få sin identitet avslørt».[2][3]

Detektivpanel og programleiar endre

Programleiar for Maskorama er Silje Nordnes.

«Detektivpanelet» bestod i sesong 1–3 av stylisten Jan Thomas, artisten Marion Ravn og programleiar og komikar Nicolay Ramm.[4] I tredje sesong var det i tillegg ein gjestedetektiv i kvart program. I sesong 4 tok skodespelar og komikar Robert Stoltenberg og radioprogramleiar Tete Lidbom over rollene som «detektivar» for Thomas og Ramm.[5][6][7]

Sesongoversikt endre

Sesong Vinnar Andreplass Tredjeplass Premiere Finale
1 Ulrikke Brandstorp
som «Trollet»
Markus Bailey
som «Elgen»
Herman Dahl
som «Vikingen»
7. november 2020 12. desember 2020
2 Didrik Solli-Tangen
som «Snømonsteret»
Victor Sotberg
som «Draken»
Ingeborg Walther
som «Bamsen»
6. november 2021 11. desember 2021
3 Bilal Saab
som «Zombien»
Daniel Kvammen
som «Ulven»
Øystein Pettersen
som «Rabagasten»
15. oktober 2022[8] 19. november 2022
4 Kevin Vågenes
som «Kattepusen»
Linnéa Myhre
som «Spirrevippen»
Charlotte Frogner
som «Spøkelset»
11. november 2023[9] 16. desember 2023

Podkast endre

1. oktober 2021 vart det annonsert at NRK skal lansere ein podkast om Maskorama. Programleiar for podkasten er Sarah Natasha Melbye. Totalt skal det sleppast 14 episodar av podkasten, i tillegg til at episodane vert send på NRK Radio kvar torsdag og sundag. Podkasten har premiere 21. oktober 2021.[10]

Prisar og nominasjonar endre

År Utmerking Kategori Nominert/vinnar Resultat
2021 Gullruten Beste underhaldningsprogram[11] Maskorama Vinnar
Beste grafiske design[12] Petter Rydeng Ellingsæter, Eirik Olavssønn Aanonsen, Jørn Veberg og Susanne Flender Vinnar
Beste kostyme[13] Kjell A. Nordström Nominert
2022 Gullruten Beste underhaldingsprogram[14] Maskorama Nominert
Beste programleder – underhalding Silje Nordnes Nominert
Beste foto einkamera – underhalding[15] Jan Kenneth Disen Nominert
Beste ljosdesign Stein Phillips Nominert

Referansar endre

  1. «Silje Nordnes skal lede kjendis-gjettekonkurranse på NRK». Henta 16. oktober 2020. 
  2. «Silje Nordnes fronter nytt NRK-show med Jan Thomas, Nicolay Ramm og Marion Ravn». Henta 16. oktober 2020. 
  3. «NRK med ny lørdagsunderholdning: - Helt ellevilt». Henta 16. oktober 2020. 
  4. «Silje Nordnes fronter nytt NRK-show med Jan Thomas, Nicolay Ramm og Marion Ravn». VG.no. Henta 16. oktober 2020. 
  5. «Nicolay Ramm om «Maskorama»-exiten: – Det er jo drit». TV2.no. Henta 25. oktober 2023. 
  6. «Dette er det nye panelet i Maskorama». NRK.no. Henta 16. oktober 2023. 
  7. «Her er det nye panelet i «Maskorama»». VG.no. Henta 16. oktober 2023. 
  8. Brenden, Marcus. «Premieredatoen er avslørt». Dagbladet.no (på norsk bokmål). Henta 15. august 2022. 
  9. Brenden, Marcus. «Premieredatoen er avslørt». Dagbladet.no (på norsk bokmål). Henta 15. august 2022. 
  10. «NRK med Maskoramapodkast». NRK.no. Henta 1. oktober 2021. 
  11. «Dette er årets Gullruten-vinnere». nettavisen.no. 8. mai 2021. Henta 9. mai 2021. 
  12. «Gullrutens fagpriser: Her er vinnerne». rushprint.no. 7. mai 2021. Henta 7. mai 2021. 
  13. «Gullruten fagprisene 2021: De nominerte». rushprint.no. 16. april 2021. Henta 9. mai 2021. 
  14. «Disse er nominert til Gullruten». TV2.no (på norsk). 27. april 2022. Henta 27. april 2022. 
  15. «De nominerte til Gullrutens fagpriser». rushprint.no. 9. april 2022. Henta 10. april 2022.