Melodi Grand Prix 2022
Melodi Grand Prix 2022 var den 60. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Vinneren av tevlinga vart Subwoolfer med songen «Give That Wolf a Banana». Som vinnarar av tevlinga skal dei representere Noreg i Eurovision Song Contest 2022, som skal haldast i Torino i Italia. Tevlinga hadde fire delfinalar, ei siste sjanse-sending og ein finale. Delfinalane vart arrangerte i januar og februar, med finalen laurdag 19. februar 2022.[1] Til saman deltar 21 låtar, og ti av dei kvalifiserer seg til finalen.
Melodi Grand Prix 2022 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Delfinale 1 | 15. januar 2022 | |||
Delfinale 2 | 22. januar 2022 | |||
Delfinale 3 | 29. januar 2022 | |||
Delfinale 4 | 5. februar 2022 | |||
Sistesjansen | 12. februar 2022 | |||
Finale | 19. februar 2022 | |||
Vertskap | ||||
Programleiarar | Kåre Magnus Bergh Annika Momrak Mikkel Niva | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 21 | |||
Vinnar | ||||
Song | «Give That Wolf a Banana» | |||
Artist | Subwoolfer | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 2022 | ||||
Semifinalepoeng | 177 | |||
Semifinaleplass | 6 | |||
Finalepoeng | 182 | |||
Finaleplass | 10 | |||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Alle sendingane fann stad i H3 Arena på Fornebu, med Kåre Magnus Bergh, Annika Momrak og Mikkel Niva som programleiarar. Bergh leia tevlinga for åttande gong, medan Momrak og Niva debuterte i år som Melodi Grand Prix-programleiarar.[2] Delfinalane og siste sjanse-sendinga går utan publikum i salen, mens det var 500 tilskodarar i finalen.[3]
Bakgrunn
endreEi vekes tid etter Eurovision Song Contest 2021 opna NRK for innsending av bidrag til den norske tevlinga i 2022. Påmeldinga varte frå 28. mai til 15. august, men fristen blei seinare forlenga til 15. september.[4]
Tevlinga var open for alle låtskrivarar, men ein låtskrivar fekk maksimalt sende inn tre låtar. Kvart innsendte bidrag måtte ha minst ein norsk bidragsytar for å «prioritere og fremme norsk musikkliv».[4]
I tillegg til den opne innsendinga såg NRK etter potensielle bidrag gjennom målretta søk og direkte dialog med den norske musikkbransjen.[4] Til saman hadde redaksjonen rundt 1200 bidrag inne til vurdering.
Artistane og låtane blei presenterte under ei lanseringssending 10. januar 2022.[5]
Sendingane
endreTevlinga bestod av fire delfinalar med fire låtar kvar, der vinnaren av kvar delfinale kvalifiserte seg til finalen laurdag 19. februar 2022. Dei utslegne låtane møtte i «siste sjanse»-sendinga veka før finalen, der vinnaren får ein plass i finalen. I tillegg har NRK førehandskvalifisert fem låtar til finalen, slik at finalefeltet består av ti bidrag.[6]
Delfinalane og finalen vart sendt direkte frå H3 Arena på Fornebu, der NRK hadde slått saman to studio for å gje større fysisk plass til produksjon og scene. Det var ikkje publikum i delfinalane og siste sjanse, men i finalen var det 500 tilskodarar.[7][8][9]
Programleiarar
endreKåre Magnus Bergh, Annika Momrak og Mikkel Niva leia sendingane. Bergh var programleiar for åttande gong og har med det styrkt programleiarrekorden sin i Melodi Grand Prix; den førre rekorden hadde Odd Grythe, som leia dei seks fyrste tevlingane i 1960–1965. Annika Momrak og Mikkel Niva debuterte i år som programleiarar i Melodi Grand Prix, men begge har erfaring frå barneutgåva MGPjr: Momrak vann tevlinga i 2013 som del av gruppa Unik 4, mens Niva har leia MGPjr tre gongar: i 2017, 2018 og 2019.[2]
Konsept
endreHausten 2021 varsla MGP-redaksjonen fleire endringar i røystesystemet for Melodi Grand Prix. Blant anna vurderer NRK å innføre ei form for juryar i finalen for å gjere den norske utveljinga meir lik Eurovision Song Contest.[10]
Finalen
endreFinalen vart arrangert i H3 Arena laurdag 19. februar og vart overført direkte på NRK1, NRK P1 og NRK TV. Ti bidrag deltok – fem var førehandskvalifiserte, medan dei øvrige fem kvalifiserte seg via dei fire delfinalane og siste sjanse.[11][12]
Deltakarar
endreStartrekkjefølgja vart bestemt av produsentane av showet etter sistesjanse-programmet og offentleggjord 14. februar.[13]
Nr. | Artist | Tittel | Låtskrivarar |
---|---|---|---|
01 | Oda Gondrosen | «Hammer of Thor» | Morten Franck, Elsa Søllesvik, Torgeir Ryssevik og Oda Kristine Gondrosen |
02 | NorthKid | «Someone» | Helge Moen, Alex Charles, Sandra Lyng og Jim Bergsted |
03 | Anna-Lisa Kumoji | «Queen Bees» | Olli Äkräs, Alan Roy Scott, Elsbeth Rehder og Anna-Lisa Kumoji |
04 | Farida | «Dangerous» | Farida Bolseth Benounis, Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Atle Pettersen, Peter Newman og Hannah Dorothy Bistow |
05 | Sofie Fjellvang | «Made of Glass» | Sofie Fjellvang og Kjetil Mørland |
06 | Frode Vassel | «Black Flowers» | Frode Vassel, Benjamin Larsen, Niklas Rosström og Celine Alette Pedersen Breivoll |
07 | Christian Ingebrigtsen | «Wonder of the World» | Christian Ingebrigtsen, Michael Hunter Ochs og Henrik Tala |
08 | Maria Mohn | «Fly» | Maria Mohn og Einar Kristiansen Five |
09 | Subwoolfer | «Give That Wolf a Banana» | «Keith» og «Jim» |
10 | Elsie Bay | «Death of Us» | Elsa Søllesvik, Jonas Holteberg Jensen og Andreas Stone Johansson |
Resultat
endreI finalen framførte finalistane sine låtar direkte før sjåarane røysta på sine favorittar. Då fyrste avrøystingsrunde var over, avslørte programleiarane dei fire låtane som hadde fått flest røyster. Av desse fire avslørte programleiarane deretter kva for to låtar som fekk flest røyster av dei fire. Desse to låtene møtte kvarandre i den endelege gullduellen.
I gullduellen opptredde de to finalistane på nytt, før sjåarane røysta igjen. Røystene frå fyrste avrøysting vart nullstilte, og avrøystinga foregjekk via nrk.no eller tekstmelding.[14]
Fyrste runde
endreNr. | Artist | Tittel | Status |
---|---|---|---|
01 | Oda Gondrosen | «Hammer of Thor» | Ute |
02 | NorthKid[15] | «Someone» | Til gullduell |
03 | Anna-Lisa Kumoji[16] | «Queen Bees» | Ute |
04 | Farida | «Dangerous» | Ute |
05 | Sofie Fjellvang | «Made of Glass» | 3./4. plass |
06 | Frode Vassel | «Black Flowers» | Ute |
07 | Christian Ingebrigtsen | «Wonder of the World» | Ute |
08 | Maria Mohn | «Fly» | Ute |
09 | Subwoolfer | «Give That Wolf a Banana» | Til gullduell |
10 | Elsie Bay[17] | «Death of Us» | 3./4. plass |
Gullduell
endreDei fire bidraga med flest røyster vart avslørt av programleiarane. Av desse fire gjekk dei to med flest røyster vidare til den avgjerande gullduellen. Låten som fikk flest røyster i gullduellen, vann Melodi Grand Prix og er det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2022.
Nr. | Artist | Tittel | Plass |
---|---|---|---|
02 | NorthKid[18] | «Someone» | 2 |
09 | Subwoolfer | «Give That Wolf a Banana» | 1 |
Røysteresultat
endreRøystene til dei to bidraga i gullfinalen vart leste opp landsdel for landsdel. Røystene vart leste opp av Jorun Stiansen (Sørlandet), Imerika (Midt-Norge), Jenny Jenssen (Nord-Norge), Jostein Austvik (Vestlandet) og fjorårsvinnar TIX (Østlandet).[12]
Nr. | Tittel | Sørlandet | Midt-Noreg | Nord-Noreg | Vestlandet | Austlandet | Totalt |
---|---|---|---|---|---|---|---|
02 | NorthKid | 28 095 | 40 288 | 79 548 | 57 369 | 106 923 | 312 223 |
09 | Subwoolfer | 36 576 | 45 038 | 28 731 | 82 146 | 175 615 | 368 106 |
Delfinalane
endreDelfinale 1
endreDelfinale 1 blei halden i H3 Arena laurdag 15. januar 2022, klokka 19.50–21.15. I denne delfinalen deltok fire låtar. I tillegg presenterte den førehandskvalifiserte finalisten Elsie Bay bidraget «Death of Us» i denne delfinalen.
Artist | Tittel | Låtskrivarar |
---|---|---|
Mira Craig | «We Still Here» | Mira Craig og Bård Berg |
Frode Vassel | «Black Flowers» | Frode Vassel, Benjamin Larsen, Niklas Rosström og Celine Alette Pedersen Breivoll |
Trollfest | «Dance Like a Pink Flamingo» | Eirik Renton og Jostein Austvik |
Eline Noelia | «Ecstasy» | Eline Noelia Myreng, Audun Agnar Guldbrandsen og Tea Megaard |
Førehandskvalifisert finalist | ||
Elsie Bay | «Death of Us» | Elsa Søllesvik, Jonas Holteberg Jensen og Andreas Stone Johansson |
Resultat
endreTevlinga var lagd opp som ein cup. Først blei dei fire deltakarane delte inn i to duellar som blei trekte før delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.[19]
Nr. | Artist | Tittel | Låtskrivarar | Resultat |
---|---|---|---|---|
Duell 1 | ||||
1 | Eline Noelia | «Ecstasy» | Eline Noelia Myreng, Audun Agnar Guldbrandsen og Tea Megaard | Til gullduell |
2 | Mira Craig | «We Still Here» | Mira Craig og Bård Berg | Ute, vidare til sistesjansen |
Duell 2 | ||||
3 | Trollfest | «Dance Like a Pink Flamingo» | Eirik Renton og Jostein Austvik | Ute, vidare til sistesjansen |
4 | Frode Vassel | «Black Flowers» | Frode Vassel, Benjamin Larsen, Niklas Rosström og Celine Alette Pedersen Breivoll | Til gullduell |
Gullduell | ||||
1 | Eline Noelia | «Ecstasy» | Eline Noelia Myreng, Audun Agnar Guldbrandsen og Tea Megaard | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | Frode Vassel | «Black Flowers» | Frode Vassel, Benjamin Larsen, Niklas Rosström og Celine Alette Pedersen Breivoll | Til finalen |
Delfinale 2
endreDelfinale 2 vart arrangert i H3 Arena laurdag 22. januar 2022, klokka 19.50–21.05. I denne delfinalen deltok fire låtar. I tillegg vart ein av dei fem førehandskvalifiserte finalistane presentert i denne delfinalen.
Artist | Tittel | Låtskrivarar |
---|---|---|
Lily Löwe | «Bad Baby» | Lill Sofie Wilsberg, Trond Holter og Victoria Land |
Steffen Jakobsen | «With Me Tonight» | Mats William Wennerberg og Nicolai Herwell |
Farida | «Dangerous» | Farida Bolseth Benounis, Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Atle Pettersen, Peter Newman og Hannah Dorothy Bistow |
Daniel Lukas | «Kvelertak» | Daniel Lukas Kalelic og Are Næsset |
Førehandskvalifisert finalist | ||
Christian Ingebrigtsen | «Wonder of the World» | Christian Ingebrigtsen, Michael Hunter Ochs og Henrik Tala |
Resultat
endreTevlinga var lagd opp som ein cup. Først blei dei fire deltakarane delte inn i to duellar som blei trekte før delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.
Nr. | Artist | Tittel | Låtskrivarar | Resultat |
---|---|---|---|---|
Duell 1 | ||||
1 | Lily Löwe | «Bad Baby» | Lill Sofie Wilsberg[20], Trond Holter og Victoria Land | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | Steffen Jakobsen | «With Me Tonight» | Mats William Wennerberg og Nicolai Herwell | Til gullduell |
Duell 2 | ||||
3 | Farida | «Dangerous» | Farida Bolseth Benounis, Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Atle Pettersen, Peter Newman og Hannah Dorothy Bistow | Til gullduell |
4 | Daniel Lukas | «Kvelertak» | Daniel Lukas Kalelic og Are Næsset | Ute, vidare til sistesjansen |
Gullduell | ||||
1 | Steffen Jakobsen | «With Me Tonight» | Mats William Wennerberg og Nicolai Herwell | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | Farida | «Dangerous» | Farida Bolseth Benounis, Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Atle Pettersen, Peter Newman og Hannah Dorothy Bistow | Til finalen |
Delfinale 3
endreDelfinale 3 vart arrangert i H3 Arena laurdag 29. januar 2022, klokka 19.50–21.05. I denne delfinalen deltok fire låtar. I tillegg vart ein av dei fem førehandskvalifiserte finalistane presentert i denne delfinalen. Opphavleg skulle Subwoolfer ha framført sitt bidrag i denne delfinalen, men duoen måtte avlyse på grunn av covid-19.[21] Også programleiar Kåre Magnus Bergh måtte stå over delfinalen, sidan han var i isolasjon på grunn av covid-19.[22]
Artist | Tittel | Låtskrivarar |
---|---|---|
Mari Bølla | «Your Loss» | Lars Horn Lavik, Morten Franck og Mari Eriksen Bølla |
Oda Gondrosen | «Hammer of Thor» | Morten Franck, Elsa Søllesvik, Torgeir Ryssevik og Oda Kristine Gondrosen |
Sturla | «Skår i hjertet» | Sturla Fagerli Larsen |
Vilde | «Titans» | Vilde Johannessen, Ben Adams og Sindre Timberlid Jenssen |
Førehandskvalifisert finalist | ||
NorthKid | «Someone» | Helge Moen, Alex Charles, Sandra Lyng og Jim Bergsted |
Resultat
endreTevlinga var lagd opp som ein cup. Først blei dei fire deltakarane delte inn i to duellar som blei trekte før delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.
Nr. | Artist | Tittel | Låtskrivere | Resultat |
---|---|---|---|---|
Duell 1 | ||||
1 | Mari Bølla | «Your Loss» | Lars Horn Lavik, Morten Franck og Mari Eriksen Bølla | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | Oda Gondrosen | «Hammer of Thor» | Morten Franck, Elsa Søllesvik[23], Torgeir Ryssevik og Oda Kristine Gondrosen | Til gullduell |
Duell 2 | ||||
3 | Sturla | «Skår i hjerte» | Sturla Fagerli Larsen | Ute, vidare til sistesjansen |
4 | Vilde | «Titans» | Vilde Johannessen, Ben Adams og Sindre Timberlid Jenssen | Til gullduell |
Gullduell | ||||
1 | Oda Gondrosen | «Hammer of Thor» | Morten Franck, Elsa Søllesvik[24], Torgeir Ryssevik og Oda Kristine Gondrosen | Til finalen |
2 | Vilde | «Titans» | Vilde Johannessen, Ben Adams og Sindre Timberlid Jenssen | Ute, vidare til sistesjansen |
Delfinale 4
endreDelfinale 4 vart arrangert i H3 Arena laurdag 5. februar 2022, klokka 19.50–21.05. I denne delfinalen deltok fire låtar. I tillegg vart ein av dei fem førehandskvalifiserte finalistane presentert i denne delfinalen.
Artist | Tittel | Låtskrivarar |
---|---|---|
Alexandra Joner | «Hasta la vista» | Henrik Sæter og Jazara Aden Hutton |
Maria Mohn | «Fly» | Maria Mohn og Einar Kristiansen Five |
Kim Wigaard | «La melodia» | Kim Wigaard Johansen, Marius Hagen, Karianne Sissener Amundsen og Ronny Janssen |
Sofie Fjellvang | «Made of Glass» | Sofie Fjellvang og Kjetil Mørland |
Førehandskvalifisert finalist | ||
Subwoolfer[25] | «Give That Wolf a Banana» | «Keith» og «Jim» |
Resultat
endreTevlinga var lagd opp som ein cup. Først blei dei fire deltakarane delte inn i to duellar som blei trekte før delfinalen.[26] Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.
Nr. | Artist | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
Duell 1 | |||
1 | Maria Mohn | «Fly» | Til gullduell |
2 | Alexandra Joner | «Hasta la vista» | Ute, vidare til sistesjansen |
Duell 2 | |||
3 | Kim Wigaard | «La melodia» | Ute, vidare til sistesjansen |
4 | Sofie Fjellvang | «Made of Glass» | Til gullduell |
Gullduell | |||
1 | Maria Mohn | «Fly» | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | Sofie Fjellvang | «Made of Glass» | Til finalen |
Siste sjanse
endreDel 1
endreDen fyrste delen av «siste sjanse» vert send på NRK1 og NRK P1 mandag 7. februar. Sendinga går frå NRK Marienlyst, og her vert framsyningane frå delfinalane viste. Sjåarane og lyttarane røyster fram fire låtar til del 2 av «siste sjanse» laurdag 12. februar.
Artist | Tittel | Låtskrivarar |
---|---|---|
Mira Craig | «We Still Here» | Mira Craig og Bård Berg |
Trollfest | «Dance Like a Pink Flamingo» | Eirik Renton og Jostein Austvik |
Eline Noelia | «Ecstasy» | Eline Noelia Myreng, Audun Agnar Guldbrandsen og Tea Megaard |
Lily Löwe | «Bad Baby» | Lill Sofie Wilsberg, Trond Holter og Victoria Land |
Daniel Lukas | «Kvelertak» | Daniel Lukas Kalelic og Are Næsset |
Steffen Jakobsen | «With Me Tonight» | Mats William Wennerberg og Nicolai Herwell |
Mari Bølla | «Your Loss» | Lars Horn Lavik, Morten Franck og Mari Eriksen Bølla |
Sturla | «Skår i hjertet» | Sturla Fagerli Larsen |
Vilde | «Titans» | Vilde Johannessen, Ben Adams og Sindre Timberlid Jenssen |
Alexandra Joner | «Hasta la vista» | Henrik Sæter og Jazara Aden Hutton |
Kim Wigaard | «La melodia» | Kim Wigaard Johansen, Marius Hagen, Karianne Sissener Amundsen og Ronny Janssen |
Maria Mohn | «Fly» | Maria Mohn og Einar Kristiansen Five |
Del 2
endreDel 2 av «siste sjanse» vart arrangert i H3 Arena laurdag 12. februar 2022, klokka 19.50–21.05. I denne sendingen deltok dei fire låtane som vart røysta fram frå del 1 av «siste sjanse». I tillegg vart ein av dei fem førehandskvalifiserte finalistane presentert i denne delfinalen.
Artist | Tittel | Låtskrivarar |
---|---|---|
Mari Bølla | «Your Loss» | Lars Horn Lavik, Morten Franck og Mari Eriksen Bølla |
Maria Mohn | «Fly» | Maria Mohn og Einar Kristiansen Five |
Kim Wigaard | «La melodia» | Kim Wigaard Johansen, Marius Hagen, Karianne Sissener Amundsen og Ronny Janssen |
Trollfest | «Dance Like a Pink Flamingo» | Eirik Renton og Jostein Austvik |
Førehandskvalifisert finalist | ||
Anna-Lisa Kumoji | «Queen Bees» | Olli Äkräs, Alan Roy Scott, Elsbeth Rehder og Anna-Lisa Kumoji |
Resultat
endreTevlinga bestod av to rundar. I fyrste runde opptredde alle dei fire sistesjansen-deltakerne. Sjåarane røysta fram to av bidraga til den siste og avgjerande gullduellen, der vinnaren fekk den siste plassen i finalen. Sjåarane avgjorde begge rundane ved å røyste på NRK.no.[27]
Nr. | Artist | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
Runde 1 | |||
1 | Mari Bølla | «Your Loss» | Ute av tevlinga |
2 | Kim Wigaard | «La melodia» | Ute av tevlinga |
3 | Maria Mohn | «Fly» | Til gullduell |
4 | Trollfest | «Dance Like a Pink Flamingo» | Til gullduell |
Gullduell | |||
1 | Maria Mohn | «Fly» | Til finalen |
2 | Trollfest | «Dance Like a Pink Flamingo» | Ute av tevlinga |
Tilbakevendande artistar
endreFleire av deltakarane i 2022 har delteke i Melodi Grand Prix tidlegare:
Deltaker | Deltok | Plassering |
---|---|---|
Mira Craig | 2010 | Utslegen i sistesjansen |
Christian Ingebrigtsen | 2010 | Annenplass |
Daniel Lukas | 2013 (MGPjr) | Uplassert i finale |
Alexandra Joner | 2015 | Uplassert i finale |
Anna-Lisa Kumoji | 2019 | Fjerdeplass |
Maria Mohn | 2020 | Utslegen i gullduell av delfinale |
Kim Wigaard | 2020 | Utslegen i gullduell i delfinale |
Kjelder
endre- ↑ Tangen, Anders Martinius (29. august 2021). «Datoer for MGP 2022 er klare -» (på norsk bokmål). Henta 31. august 2021.
- ↑ 2,0 2,1 Hyttebakk, Jon Marius (20. desember 2021). «Annika Momrak, Mikkel Niva og Kåre Magnus Bergh leder MGP 2022». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. desember 2021.
- ↑ Strand, Marit Sofie (16. desember 2021). «MGP blir uten publikum». NRK (på norsk bokmål). Henta 16. desember 2021.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Hyttebakk, Jon Marius (28. mai 2021), «Meld deg på MGP 2022», NRK (på norsk bokmål), henta 22. juli 2021
- ↑ Strand, Marit Sofie (27. november 2021). «Slik blir Melodi Grand Prix 2022». NRK (på norsk bokmål). Henta 27. november 2021.
- ↑ Fagervold, Endre (25. november 2021). «Forhåndsbilletter til Melodi Grand Prix 2021 legges ut klokken 12:00! Skaff deg billetter på denne måten!». escnorge.no (på norsk bokmål). Henta 25. november 2021.
- ↑ Statsministerens kontor (13. desember 2021). «Strengere nasjonale tiltak for å begrense smitten». Regjeringen.no (på norsk). Henta 19. februar 2022.
- ↑ Strand, Marit Sofie (16. desember 2021). «MGP blir uten publikum». NRK (på norsk bokmål). Henta 16. desember 2021.
- ↑ Eliassen, Heather Ørbeck (2. februar 2022). «MGP med 500 publikummere i salen». NRK (på norsk bokmål). Henta 2. februar 2022.
- ↑ Tangen, Anders Martinius (24. oktober 2021). «Endringer i MGP 2022 -» (på norsk bokmål). escnorge.net. Henta 25. oktober 2021.
- ↑ Hyttebakk, Jon Marius (10. januar 2022). «Melodi Grand Prix 2022 – deltakere i finalen». NRK (på norsk bokmål). Henta 10. januar 2022.
- ↑ 12,0 12,1 «Melodi Grand Prix 2022 – finale». NRK TV. 12. februar 2022. Henta 12. februar 2022.
- ↑ Hyttebakk, Jon Marius (14. februar 2022). «Slik blir finalen i Melodi Grand Prix». NRK (på norsk bokmål). Henta 14. februar 2022.
- ↑ «Melodi Grand Prix». NRK (på norsk bokmål). Henta 19. februar 2022.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Svelstad, Oda Elise (14. januar 2022). «Debutanten møter den erfarne i MGP-duell». NRK (på norsk bokmål). Henta 14. januar 2022.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Strand, Marit Sofie (25. januar 2022). «Subwoolfer rammet av korona». NRK (på norsk bokmål). Henta 29. januar 2022.
- ↑ Carlsen, Helge (29. januar 2022). «Smitteutbrudd i MGP: – Jobber intenst for å holde produksjonen flytende». NRK (på norsk bokmål). Henta 29. januar 2022.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Borge, Espen (2. februar 2022). ««Episk, melodisk og annerledes!»». NRK (på norsk bokmål). Henta 5. februar 2022.
- ↑ Jostad, Maria (12. februar 2022). «Siste sjanse før MGP-finalen». NRK (på norsk bokmål). Henta 12. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Melodi Grand Prix 2022» frå Wikipedia på bokmål, den 20. desember 2021.