Bilbaoestuaret
Bilbaoestuaret (spansk Ría de Bilbao, baskisk Bilboko Itsasadarra) er eit estuar danna av elvane Nervion, Ibaizabal og Cadagua, som drenerer det meste av Bizkaia og delar av Alava i regionen Baskarland i Spania. Det er eit stort estuar som er 16 km langt og strekkjer seg frå Bilbao til Bilbao Abra-bukta. Dette gjer at det er mogeleg for havgåande skip å nå hamna i Bilbao, men dei siste åra har hamna i sjølve Bilbao vorte ombygd til bustadområde, medan ein har bygd ei ny hamn heilt ute ved kysten ved Santurtzi og Zierbena.
Nedanfor Bilbao deler estuaret storbyområdet til Bilbao. På venstresida ligg Barakaldo, Sestao, Portugalete og Santurtzi og på høgresida ligg Erandio, Leioa og Getxo.
BakgrunnsstoffEndra
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bilbaoestuaret
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Estuary of Bilbao» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2009.