Billy Hinsche

amerikansk songar og komponist

William Hinsche (29. juni 195120. november 2021) var ein USA-amerikansk musikar, som var med å skipe vokaltrioen Dino, Desi & Billy og klaverspelar i støttebandet til The Beach Boys.

Billy Hinsche

Hinsche i 2017
Fødd29. juni 1951(1951-06-29)
FødestadManila i Filippinane
Død20. november 2021 (70 år)
DødsstadLas Vegas
FødenamnWilliam Hinsche
OpphavUSA
Aktiv1965–2021
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som

Bakgrunn

endre

Hinsche vart fødd i Manila på Filippinane, som son av Celia Bautista og Otto «Doc» Hinsche, som eigde eit lokalt kasino. Far hans var frå New Jersey i USA, og mor hans var filippinsk.[1] Familien flytta til USA og busette seg i Beverly Hills. Hinsche gjekk på Loyola High School, der han møtte Desi Arnaz jr. og Dean Paul Martin. Dei tre danna seinare gruppa Dino, Desi & Billy og skreiv kontrakt med Frank Sinatra sitt plateselskap Reprise Records.[2][3]

På slutten av 1960-åra byrja Hinsche å jobba som studiomusikar for The Beach Boys. Sjølv om han avslo minst eitt tilbod om å formelt bli med i gruppa til fordel for å halda fram utdanninga si i august 1969, turnerte han mykje med bandet som vokalist og multiinstrumentalist (ofte klaverinstrument og rytmegitar) frå 1971 til 1977 og 1982 til 1996. Søster hans, Annie Hinsche-Wilson-Karges, var gift med gitaristen i gruppa, Carl Wilson.[2] Han tok ein B.F.A. frå University of California, Los Angeles. School of Theater, Film and Television i 1974.

Billy Hinsche bidrog med korvokal på innspelingar av Elton John-songen «Don't Let The Sun Go Down On Me», Warren Zevon sin «Desperados Under The Eaves», America sin «Hat Trick», Joan Jett sin «Good Music» og andre.[treng kjelde].

Hinsche døydde etter ein kort kamp mot lungekreft den 20. november 2021. Mor hans, Celia Hinsche, døydde òg same dagen.[4]

Diskografi

endre

Singles med Dino, Desi & Billy

endre
  • Since You Broke My Heart / We Know—Reprise 0324—utgjeve 11-2-64
  • I'm A Fool / So Many Ways—Reprise 0367–4-12-65
  • I'm A Fool / So Many Ways /Since You Broke My Heart / We Know—Reprise 60072 ep (France) -- 4-12-65
  • Not The Lovin' Kind / Chimes Of Freedom—Reprise 0401–8-18-65
  • Please Don't Fight It / The Rebel Kind—Reprise 0426–11-10-65
  • Superman / I Can't Get Her Off My Mind—Reprise 0444–1-19-66
  • Tie Me Down / It's Just The Way You Are—Reprise 0462–3-23-66
  • Look Out Girls (Here We Come) / She's So Far Out She's In—Reprise 0469–5-20-66
  • I Hope She's There Tonight / Josephine—Reprise 0529–10-12-66
  • If You're Thinkin' What I'm Thinkin' / Pretty Flamingo—Reprise 0544–12-13-66
  • Two in the Afternoon / Good Luck, Best Wishes to You—Reprise 0579–4-19-67
  • Kitty Doyle / Without Hurtin' Some—Reprise 0619–8-2-67
  • My What a Shame / The Inside Outside Caspar Milquetoast Eskimo Flash—Reprise 0653
  • Tell Someone You Love Them / General Outline—Reprise 0698–5-29-68
  • Thru Spray Colored Glasses / Someday—Uni 55127
  • Hawley / Let's Talk it Over—Columbia 4-44975–1969
  • Lady Love / A Certain Sound—Reprise 0965–10-14-70
  • Under A Beach Boy Moon -- (Digital Release Only) -- RD&B Records LLC—5-4-12

Album med Dino, Desi & Billy

endre
  • I'm a Fool -- Reprise R (Mono)/RS (Stereo) 6176—U.S. #51, 9/65
  • Our Time's Coming—Reprise R/RS 6194—U.S. #119, 2/66
  • Memories Are Made of This—Reprise R/RS 6198–1966
  • Souvenir—Reprise R/RS 6224–1966
  • Follow Me (1969 film) Original Soundtrack -- Uni ST73056–1969[5]
  • The Rebel Kind: The Best of Dino, Desi & Billy -- Sundazed, 1996

Albums med Ricci, Desi & Billy

endre
  • Live In Vegas—RD&B Records, LLC—2001
  • Live From Boulder City—RD&B Records, LLC—2002

Album med The Beach Boys

endre

Album med Carl Wilson frå The Beach Boys

endre

Filmar

endre
  • Murderer's Row (1966)
  • Play Songs of the Beach Boys: Piano Accompaniments to Rock Classics - MFM Productions[VHS]
  • Dennis Wilson Forever - Sony/Bmg Int'l - [DVD] 2008
  • 1974 - On The Road With The Beach Boys - MFM Productions - [DVD] 2009
  • Carl Wilson - Here and Now - MFM Productions - [DVD] 2011
  • 24 HOURS - MFM Productions - [DVD] 2011
  • Know the Road (Redux) - MFM Productions - [DVD] 2012
  • Home Movies - MFM Productions - [DVD] 2012
  • Dean Martin: King of Cool - Appian Way/Danny Strong Productions - TCM 2021 [6]

Kjelder

endre
  1. «William Hinsche Obituary - Los Angeles, CA». 
  2. 2,0 2,1 Gaines, Steven S. (1995). Heroes and Villains: The True Story of the Beach Boys. Da Capo Press. s. 185. ISBN 0-786-75104-5. 
  3. Martin, Ricci; Smith, Christopher E. (2002). That's Amore: En sønn husker Dean Martin. Rowman & Littlefield. s. 143-145. ISBN 0-878-33272-3. 
  4. «Bill Hinsche of Dino, Desi & Billy Dies at 70 on the Same Day as His Mom». 20. november 2021. Henta 17. april 2023. 
  5. Three songs sung by Dino, Desi & Billy, «Thru Spray Colored Glasses» (co-skriven av Stu Phillips and David Gates), «Like The Wind And Sea» (co-skriven av Phillips and Ronnie Franklin) and «Just Lookin' For Someone» (co-skriven av Phillips and Gates). See Follow Me soundtrack particulars; www.discogs.com.
  6. «Dean Martin: The King of Cool». 

Bakgrunnsstoff

endre