Billy Murcia

Billy Murcia (19516. november 1972) var ein colombiansk-amerikansk trommeslagar, mest kjend som den opphavlege trommeslagaren i New York Dolls.[1]

Billy Murcia
Fødd1951 i Bogotá, Colombia
FødestadBogotá
Død6. november 1972 i Storbritannia
DødsstadLondon
FødenamnBilly Murcia
OpphavUSA, Colombia
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarNew York Dolls
Verka somMusikar

Billy Murcia og Sylvain Sylvain gjekk på same skule på slutten av 60-åra og her møtte dei Johnny Thunders. Dei starta eit band i lag kalla The Pox i 1967.[2] Dei eigde og styrte i lag ein klesforretning kalla Truth and Soul. Bandet utvikla seg etter kvart til New York Dolls. Medan dei var på turne i England i 1972 vart Murcia invitert til ein fest der han ved eit uhell tok ein overdose. Han vart lagt i eit badekar og tvangsfora kaffi i eit forsøk på å få liv i han att, men som følgje av dette vart han kvelt og døydde.[3] Han døydde før New York Dolls spelte inn debutalbumet sitt.

Songen «Time», frå David Bowie-albumet Aladdin Sane, omhandlar mellom anna Murcia og dødsfallet hans.

KjelderEndra

  1. Jacobson, Mark. "The Icon: Doll Face", New York (magazine), September 23, 2002. Vitja 22. okt. 2011
  2. «Criminals». The Mod Pop Archives. Arkivert frå originalen 2011-09-27. Henta 22. oktober 2011. 
  3. Living (and dead) dolls av Peter Shapiro The Times May 21, 2004