Sylvain Sylvain
Sylvain Mizrahi (14. februar 1951–13. januar 2021), meir kjend under kunstnarnamnet Sylvain Sylvain eller Syl Sylvain, var ein amerikansk-egyptisk rockegitarist, mest kjend som gitarist i protopunkgruppa New York Dolls.
Sylvain Sylvain | |||
| |||
Fødd | 14. februar 1951 i Kairo i Egypt | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kairo | ||
Død | 13. januar 2021 | ||
Dødsstad | Nashville | ||
Fødenamn | Sylvain Mizrahi | ||
Opphav | New York i USA | ||
Aktiv | 1971–2021 | ||
Sjanger | Glamrock, protopunk, punkrock, glampunk | ||
Instrument | Vokal, gitar, piano | ||
Tilknytte artistar | New York Dolls, The Criminals | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Sylvain Mizrahi vart fødd i Kairo i Egypt, men han voks opp i New York, dit familien flytte på grunn av den egyptiske presidenten Gamal Abd al-Nasser sin antisemittiske politikk.
Han spela gitar i New York Dolls fram til gruppa vart oppløyst i februar 1977. Sylvain og songaren David Johansen var dei siste attverande medlemmene i gruppa da ho vart oppløyst. Dei arbeidde ei stund i lag etter at bandet vart oppløyst. Bandet vart samla på ny i 2004 og har vore aktive sidan.
Sylvain er syskenbarnet åt motedesigneren Isaac Mizrahi.
Diskografi
endremed New York Dolls
endre- New York Dolls (1973, Mercury Records)
- Too Much Too Soon (1974, Mercury Records)
- One Day It Will Please Us to Remember Even This (2006, Roadrunner Records)
- Cause I Sez So (2009, Atco Records)
- Tokyo Dolls Live (tilskriven David and Sylvain`)
- New York Dolls Red Patent Leather
som Sylvain Sylvain
endre- Sylvain Sylvain av Sylvain Sylvain 1979 RCA Records
med Syl Sylvain and the Teardrops
endre- Syl Sylvain and the Teardrops 1981 RCA Records
med Sylvian Sylvian & The Criminal$
endre- Bowery Butterflies (2000)
'78 Criminals (Fr. Fan Club) 1985
som Produsent
endreHate To Be Loved (Album) 2004 Victory Records
med She Wolves
endre- Sheena Is a Punk Rocker singel (2007, Poptown Records)