Bingöl (zazaki Çewlig eller Çolig) er ein by aust i Tyrkia. Byen er omgjeve av fjell og fleire innsjøar, og det tyrkiske namnet er tyder tusen sjøar. I nyare tid har byen vorte eit populært turistmål. Det bur kring 90 000 innbyggjarar (2010) i byen.[1]

Bingöl
by
Land  Tyrkia
Region Aust-Anatolia
Provins Bingöl
Koordinatar 38°53′5″N 40°29′47″E / 38.88472°N 40.49639°E / 38.88472; 40.49639
Folketal 160 165 (2018)
Borgarmeister Serdar Atalay
Kart
Bingöl
38°53′10″N 40°30′06″E / 38.886111111111°N 40.501666666667°E / 38.886111111111; 40.501666666667
Wikimedia Commons: Bingöl

Bingöl er administrasjonssenter i provinsen Bingöl.

1. mai 2003 vart heile området råka av eit jordskjelv, der 177 døydde og 520 vart såra. Den 8. mars 2010 vart området igjen råka av eit jordskjelv, med episenter i provinsen Elâzığ, 45 km vest for Bingöl.

I mellomalderen vart Bingöl kjend som Romanoupolis (gresk Ῥωμανοῦπολις) etter den austromerske keisaren Romanos I Lekapenos.

Klima endre

Bingöl har eit kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dsa), med varme og tørre somrar og kalde og snørike vintrar. Dei tørraste månadane er juli og august og den våtaste februar og desember.

Vêrdata for Bingöl
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 13,3 16,2 22,3 28,6 33,4 38 42 40,6 37,8 32 23 22,8 42
Gjennomsnittleg maks °C 1,8 3,3 9,2 16,4 22,7 29,3 34,6 34,7 29,8 21,5 12,2 4,6 18,3
Gjennomsnittleg min °C −6,4 −5,3 −0,3 5,7 10 14,6 18,9 18,5 13,5 8,2 2,1 −3,2 6,4
Lågast målte °C −23,2 −21,6 −20,3 −7,2 1 5,8 8,8 10,5 4,2 −2,4 −15 −25,1 −25,1
Gjennomsnittleg nedbør mm 124,8 138,5 129,6 120,8 75,2 21,2 7,4 5,1 11,1 66,7 111,9 131,7 944
Gns. solskinstimar i månaden 105,4 123,2 155 168 238,7 291 310 294,5 258 195,3 135 93 2 367,1
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2]

Kjelder endre