Aust-Anatolia
Aust-Anatolia (tyrkisk Doğu Anadolu Bölgesi) er ein av sju regionar i Tyrkia og består av dei austlegaste provinsane i landet.
Regionen og namnet Doğu Anadolu Bölgesi vart først definert av Den første geografikongressen i 1941. Regionen har den høgaste gjennomsnittshøgda i Tyrkia, er størst i utstrekning og har lågast folketettleik av alle regionane i Tyrkia. Ein del av regionen vart tidlegare kalla Det armenske høglandet, eller berre Armenia.[1][2]
Aust-Anatolia ligg heilt aust i Tyrkia og grensar til Sentral-Anatolia i vest, Svartehavsregionen i nord, Søraust-Anatolia og Irak i sør og Iran, Aserbajdsjan, Armenia og Georgia i aust.
Regionen dekkjer 171 061 km², 21% av det totale arealet til Tyrkia. Det bur totalt kring 6,1 millionar innbyggjarar i regionen.
ProvinsarEndra
GeografiEndra
Gjennomsnitthøgda i regionen er 2200 meter med store sletter, platå og massiv. Det er noko vulkansk aktivitet i regionen. Det høgaste fjellet i Tyrkia, Ararat, ligg i denne regionen. Det same gjer dei andre vulkanane Nemrut, Süphan og Tendürek. Den største innsjøen i Tyrkia, Vansjøen, ligg òg i regionen.
GalleriEndra
Çifte Minareli Medrese er eit monument frå seint i seldsjukkperioden i den tyrkiske byen Erzurum
Monumentet til Nene Hatun i Erzurum
Akdamarøya og Den armenske katedralen av Den heilage krossen, ei armensk kyrkje frå 900-talet.
Sentrum av Kars
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Eastern Anatolia Region» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Lynch, H.F.B., "Armenia, Travels and Studies" London, 1901, vol2 p391. "The natural boundery between Armenia and Asia Minor is the course of the Western Euphrates between the town of Kemah, and its passage through Taurus below Keban-Maden."
- ↑ Oswald, Felix "A Treatise on the Geology of Armenia", London, 1906.