Bioenergi er energi som har opphav i materiale som er danna ved pågåande biologiske prosessar - til forskjell frå fossil energi, som ein får frå biologisk materiale danna på eit tidlegare stadium i jorda si historie.

Bioenergi omfattar ved, skogsflis, hogstavfall, halm, torv og avfall frå treforedlingsindustri, treindustri og liknande. Metangass frå biologisk materiale i søppelfyllingar og frå husdyrgjødsel kan samlast opp og brukast til energiformål (biogass).

Hurtigveksande skog eller grasvekstar planta/sådd og hausta for energiformål blir kalla energivekstar (energiskog og energigras). Oljerike jordbruksvekstar som raps eller rybs kan brukast som råstoff for framstilling av biodrivstoff (metanol eller biodiesel).

Det årlege uttaket av bioenergi i Noreg ligg på ca. 15 TWh. Utrekningar viser at det nyttbare potensialet - det vil seie den mengda som det er teknisk, økonomisk og økologisk forsvarleg å ta ut - ligg på 35 TWh.

Kjelder endre