Biologisk klasse

taksonomisk rang

Biologisk klasse er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ein klasse kan omfatte ein eller fleire skylde ordenar, og ein eller fleire skylde klassar blir samanfatta som ei rekkje.

I likskap med andre kategoriar (med unnatak av art) er det eit reint skjønnsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle ei klasse. I dag er systematikken derfor meir opptatt av slektskapet mellom organismar eller stamtre enn av kategoriar.

I botanikken blir det vitskapelege namnet for ein klasse danna ved at rota til namnet på typusslekta får endinga -phyceae (for algar), -opsida (for landplanter) eller -mycetes (for soppar). Dei tilsvarande endingane for underklasser er -phycidae, -idae og -mycetidae.

Kjelde endre

Omsett frå Wikipedia på riksmål/bokmål