Birger Halvorsen (19. februar 19057. september 1976) var ein norsk friidrettsutøvar frå Horten, son til ein skomakarmeister. I 1934 vann han sølvmedaljen i høgdehopp då den aller fyrste europameisterskapen i friidrett gjekk av stabelen i Torino i Italia. Åra 1931-34 vann han fire strake NM-titlar i høgdehopp. Halvorsen var medlem av Horten FIK.

Birger Halvorsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. februar 1905
Død

7. september 1976 (71 år)

Idrett friidrett
Tok del i

EM i friidrett 1934

Aktiv endre

Halvorsen vann gullmedaljen i høgdehopp fire år på rad, 1931 til 1934. I 1935 var han ute etter sitt femte NM-gull, men trong fleire hopp på vinnarhøgda 1,93 m enn Leif Pettersen. Alle desse meisterskapane fann stad på Bislett stadion i Oslo.

Ved EM i friidrett 1934 i Torino tok Halvorsen seg over 1,97 meter, norsk rekord med ein centimeter. Finske Kalevi Kotkas saksa seg over 2 meter og vart europameister. På 1930-talet nytta alle utøvarane nytta seg av saksestilen, også Halvorsen.

I tillegg til høgdehopp dreiv han også med stavhopping og deltok på 110 meter hekk.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1931: Gullmedalje 1,93 m, framom Birger Haug (1,90 m)
  • 1932: Gullmedalje 1,91 m, framom Gunnar Hagen (1,85 m)
  • 1932: Gullmedalje 1,88 m, framom Birger Haug (1,88 m)
  • 1934: Gullmedalje 1,96 m, framom Johannes Eik (1,88 m)
  • 1935: Sølvmedalje 1,93 m, bakom Leif Pettersen (1,93 m)

Kjelder endre

  • friidrett.no