Birger Fredrik Motzfeldt (22. februar 18983. september 1987) var ein norsk flygar og offiser, fødd i Nesna. Han var 1955-60 sjef for det norske Luftforsvaret.

Birger Motzfeldt

Birger Motzfeldt til høgre, i samtale med Hjamar Riiser-Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. februar 1898
Nesna kommune
Død

3. september 1987 (89 år)

Yrke flygar
Ektefelle Benny Motzfeldt

Infanterisoldaten Motzfeldt vart uteksaminert frå Krigsskulen i 1920. Deretter gjekk han over til flyging og tok eksamen ved flyskulen i 1924.

Vinteren 1939-40 var kaptein Motzfeldt i USA for å kjøpe nye fly til det norske forsvaret. Her teikna han og kollegaen, kaptein Kristian Østby, fleire kontraktar på fly.

Motzfeldt var i London då han i mai 1940 vart beordra til Washington D.C. som assisterande militærattaché. På overfarten med båt laga han eit planutkast, der han skisserte dei behova som måtte oppfyllast for å kome i gang med flygartrening i Canada. Planutkastet danna grunnlaget for det som skulle verte den militære treningsleiren Little Norway.

Frå 1942 til 1948 var Motzfeldt stabssjef i Flyvåpnenes Felleskommando, som etter at flyvåpna vart slått saman i ei eining i 1944, vart Luftforsvarets Overkommando. Frå 1948 var han sjef for Luftkommando Trøndelag til han åra 1952-55 var flyattaché i London.

Motzfeldt vart utnemnd til generalmajor og flykommandør i 1953. To år seinare kom eit nytt opprykk då han som generalløytnant vart øvste sjef for Luftforsvaret. Han vart dimittert i 1960.

Kjelder endre