Birger Sjøberg

norsk motstandskjempar

Birger Sjøberg (29. oktober 19059. juni 1944) var ein norsk-svensk motstandsmann, som fall som kaptein for britisk militære på norsk jord i Eiterådalen i Vefsn 9. juni 1944.

Birger Sjøberg
Fødd29. oktober 1905
FødestadÅfjord
Død9. juni 1944
DødsstadVefsn
RangFenrik
Konfliktarandre verdskrigen, Majavatnaffæren

Birger Sjøbergs eigentlege namn var Nils Berdahl. Han var fødd 29. oktober 1905 i Åfjord. Han fór til Sverige på 1930-talet og fekk seg ny identitet. Frå 1937 til 1939 budde han dels i fjellbygda Bågnes, dels ved Bielite ved Vilhelmina i Västerbottens lappmark i Nord-Sverige. I 1939 verva han seg som frivillig i den finske vinterkrigen. Etter at Noreg vart okkupert av Tyskland, kom han til Noreg som frivillig for det britiske Special Operations Executive (SOE). Her organiserte han blant anna våpentransport fra kysten og til det indre av Helgeland. Han hadde base i Oladalen i fjellet vest for Eiterådalen i Vefsn. Han fall i kamp med tyske troppar i Eiterådalen i juni 1944.

I 1944 vart Birger Sjøberg gift i London med Liv Grannes, som han hadde samarbeidd med mens ho var britisk agent i Mosjøen.

Birger Sjøbergs gate på Kippermoen i Vefsn er oppkalla etter han.

LitteraturEndra