65°35′45″N 13°05′50″E / 65.59583°N 13.09722°E / 65.59583; 13.09722 Oladalen var hovudkvarteret til norske Linge-soldatar under leiing av kaptein Birger Sjøberg ved Eiterådalen i Vefsn under andre verdskrigen.

Våren 1943 kom ei gruppe Linge-soldatar til Helgeland for byggje opp att motstandsarbeidet etter arrestasjonane og avrettingane som følgde etter Majavatn-tragedien. Dei bygde ei hytte mellom Storvatnet og Litlvatnet vest for Holmfjellet i Eiterådalen, i eit dalsøkk dei gav namnet «Oladalen». Dalen fekk namn etter Ole Bårnes, med inspirasjon frå eventyrverda Sigurd Lybeck dikta om Jens von Bustenskjold i Oladalen. Sidan vart i tillegg ei hytte som hadde stått ved Litlvatnet flytta opp hit. I januar 1944 kom kaptein Sjøberg til Oladalen for å leie motstandsarbeidet.

I ein storstilt militæraksjon 8.- 9. juni 1944, der tyskarane sette inn mellom 500 og 1000 mann, vart motstandsgruppene knuste. Linge-soldatane brente hyttene ned og kom seg unna hovudkvarteret i siste liten. Birger Sjøberg og Johan Lynghaug fall i trefningane som følgde.

Sommaren 2004 bygde «Oladalens venner» den eine hytta i Oladalen opp att, som eit minnesmerke over hendingane under krigen. Minnesmerket ligg i Skjørlegda naturreservat.

Kjelder: endre