Birkeland Entreprenørforretning
Birkeland Entreprenørforretning er eit entreprenørfirma som er basert i Sløvåg i Gulen kommune i Vestland. Firmaet vart skipa i si noverande form i 1990. Selskapet har som mål å vera ein allsidig og attraktiv entreprenør for oppdragsgjevarar i anleggsbransjen.
Arbeidet dei driv med er tunnelarbeid, vegbygging, dambygging, masseflytting, kommunaltekniske arbeid, sprengingsarbeid, sikring og kokstransport for Statoil Mongstad. Dei har jobba over store delar av Sør-Noreg.
Nokre av arbeida firmaet har jobba med tidlegare er:
- Matre kraftverk
- Gjevingåsentunnelen på E6
- Masfjordtunnelen
- Lærdalstunnelen
- Vallaviktunnelen
- Måbødaltunnelen
- Industriområdet i Sløvåg
- Molo på Dingja i Gulen
- Fylkesveg 188 i Hordaland
- Kløvtveit kraftverk
- Jøssang kraftverk