Kløvtveit kraftverk

vannkraftverk i Gulen kommune, Vestland fylke, Noreg

60°58′34.46″N 5°16′51.53″E / 60.9762389°N 5.2809806°E / 60.9762389; 5.2809806

Kløvtveit kraftverk
Foto: PeltonMan

Kløvtveit kraftverk er eit vasskraftverk i Gulen kommune i Vestland. Kraftverket utnyttar eit fall på om lag 380 meter frå Klyvtveitvatnet til Austgulfjorden. Nedbørfeltet er på 10,9 km² og årstilsiget på 50 millionar m³. Kraftverket har installert ein peltonturbin med yting på 8,9 MW. Midlare årsproduksjon er på 41,8 GWh.

Kraftverket vert ått og drifta av BKK og vart ferdig utbygd i 2006.

BKK inngjekk i samband med utbygginga avtale i 2001 om å innbetala 250.000 kroner til eit kommunalt fiskefond i Gulen, som nyttast til å vedlikehalde og styrkje innlandsfisket i kommunen. Fiskarar grunneigarar og foreiningar som fremjar fiske kan søkje prosjektmiddel frå fondet.[1]

Referansar endre

  1. Retningslinjer for bruk og forvaltning av kommunalt fiskefond Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine. - Gulen kommune. Besøkt 12. november 2010.

Bakgrunnsstoff endre