Sløvåg er mest kjent som ein ferje- og industristad i Gulen kommune i Vestland fylke. Ferjeleiet er eitt av tre innan sambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik, på Fv57 og Fv4. Når siste del av fastlandssambandet på Fv4 opnar i 2010 vert Skipavik ikkje lenger stoppestad for ferja.

Sløvåg
stad
Sløvåg
Foto: Bjarne Thune
Land  Noreg
Kart
Sløvåg
60°51′08″N 5°04′08″E / 60.85222222°N 5.06888889°E / 60.85222222; 5.06888889
Wikimedia Commons: Sløvåg

Staden ligg på motsett side av Fensfjorden i høve til oljeraffineriet på Mongstad.

Industri endre

 
Vest Tank-anlegget på Sløvåg
Foto: Bjarne Thune
 
Sløvåg med MF «Etne» (1979) ved kai.
Foto: Bjarne Thune

På grunn av den sentrale plasseringa i høve Mongstad har Sløvåg frå slutten av 1980-talet hatt kraftig industriell vekst.

Dei fyrste som etablerte seg i området var Wergeland-konsernet med produksjon av sementvarer i 1987 og behandlingsanlegg for oljehaldig avfall i 1992. I 1994 starta de eit av dei største steinknusarverka i Nord-Europa på området (Halsvik Aggregates).

Andre føretak som er etablerte er mellom andre Baker Oil Tools, Johnny Birkeland Transport og Vest Tank (seinare Alexela.)

Det er òg eit lagringsanlegg for lågradioaktivt avfall i området. Dette anlegget har vorte kraftig kritisert av miljøvernorganisasjonar fordi det ligg under havnivå, og for tett på Alexelas tankanlegg (40-50 meter).[treng kjelde]

Vest Tank-ulukka endre

For meir om dette emnet, sjå Vest Tank-ulukka.

I 2007 skjedde ei eksplosjonsulukke i Sløvåg, då ein av tankane til Vest Tank (Alexela) eksploderte og ein annan brann opp. Denne ulukka har fått namnet Vest Tank-ulukka, eller Sløvåg-eksplosjonen. Dei miljømessige konsekvensane av ulykka har vore store, og for områda nord og nord-vest for Sløvåg.[1] Nedfallet frå eksplosjonen ramma eit område med om lag 1000 innbyggjarar.

Referansar endre

  1. «Mitt skip er lastet med». NRK Brennpunkt (fjernsynsdokumentar). 19. juni 2008. Henta 24. august 2008. 

Bakgrunnsstoff endre