Birte Tove, eigentleg Birte Tove Sørensen (16. januar 19456. februar 2016)[1][2] var ein dansk skodespelar og modell mest kjend for rollene sine i sengekantserien på 1970-talet saman med Ole Søtorp. Det var ein serie med erotiske komediar der dei to oftast hadde hovudrollene. Søren Strømberg, Annie Birgit Grade, Arthur Jensen, Karl Stegger og andre skodespelarar, som var aktive i Danmark på den tida var også gjengangarar i desse filmane. Seinare kom dei litt hardare teiknfilmane, som Birte Tove ikkje vart med i. Ho var utdanna sjukepleierske. I tillegg til å spele inn filmar i Danmark, så arbeidde ho også nokre år i Hong Kong. Dei siste åra dreiv ho ein brukthandel.

Birte Tove

Statsborgarskap Danmark
Fødd 16. januar 1945
Danmark, Helsingør
Død

6. februar 2016 (71 år)

Yrke skodespelar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, modell, sjukepleiar, stemmeskodespelar, nakenmodell
Språk dansk

Filmar endre

Ein del av filmane ho har spelt i:

  • Mazurka på sengekanten 1970
  • Swedish fly girls/ Christa 1971
  • Tannlege på sengekanten 1971
  • Rektor på sengekanten 1972
  • Motorvei på sengekanten 1972
  • Romantikk på sengekanten 1973
  • Kvinnefengselet i bambushelvete 1973
  • Kineser på sengekanten 1974
  • Piger i trøyen 1975

Kjelder endre