Bishop Auckland
Bishop Auckland er ein marknadsby i County Durham i England. Han er mest kjend for Auckland slott, som er residens for biskopen av Durham og for rådhuset som er ein freda bygning (Grade I listed). Slottet vart reist i 1183, og ombygd på 1300-talet av biskop Anthony Bek, som likte seg betre der enn i Durham på grunn av nærleiken til godt jaktterreng.
Bishop Auckland | ||
---|---|---|
Rådhuset | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | County Durham | |
Distrikt | County Durham | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
24 392 | |
Koordinatar | 54°39′N 1°41′W / 54.650°N 1.683°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | DL14 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1388 | |
Elva Wear renn under slottet og gjennom slottsparken, medan sideelva Gaunless renn gjennom sjølve byen.
Næraste naboane er byen West Auckland og landsbyen Escomb.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bishop Auckland» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2011.