Wear er ei elv i grevskapet Durham i det Nordaust-England. Ho har utspringi Penninane og renn austover, for det meste gjennom County Durham før ho munnar ut i Nordsjøen ved Sunderland. Elva er rundt 96 km lang, og er ei av dei lengste i regionen. Ho har gjeve namn til Weardale i det øvre løpet sitt og Wearside ved munningen, og saman med Tyne har ho gjeve namn til fylket Tyne and Wear.

Wear
elv
Wear i Durham
Land  England
Grevskap Durham
Lengd 96 km
Kjelde Wearhead
Munning Nordsjøen ved Sunderland
Kart
Wear
54°54′58″N 1°21′28″W / 54.916111111111°N 1.3577777777778°W / 54.916111111111; -1.3577777777778
Wikimedia Commons: River Wear
Wear ved Durham Castle
Wear og Wearmouth Bridge i Sunderland.

Wear har utspringet sitt ved Wearhead i Durham, og renn gjennom Weardale forbi Stanhope og Wolsingham. I Bishop Auckland renn ho nedfor Auckland slott, residensen til biskopen av Durham. Ho fortset i ein nordaustleg retning til ho når Durham; der renn ho i ein boge slik at byen blir liggjande nærast på ei halvøy. Ho fortset så forbi Chester-le-Street og Washington, før ho når Sunderland. Tidlegare var det opp mot eit dusin skipsverft langs elva ved Sunderland, men dei aller fleste er nedlagde. Elva renn ut i Nordsjøen i Sunderland.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Wear