Bistrița

Bistrița
Bistriţa.jpg
Byvåpenet til Bistrița
Byvåpenet til Bistrița


Plassering
Bistrița is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Bistrița-Năsăud
Borgarmeister Ioan Turc
Geografi
Flatevidd
 - By

145,47 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2011)
   - folketettleik

75 076
  516,1 /km²
Koordinatar 47°8′0″N 24°30′0″EKoordinatar: 47°8′0″N 24°30′0″E
Høgd over havet 356 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 420008–420198
Retningsnummer (tlf) +40 02 40
Bilnummer TL
Nettstad: www.primariabistrita.ro

Bistrița (ungarsk Beszterce, tysk Bistritz, tidlegare Nösen[2], transylvinsk saksisk Nîsner-Bistritz, Nîzn, Bästerts, Bîsterts) er ein by i Transilvania i Romania og fylkeshovudstad i Bistrița-Năsăud fylke. Han ligg ved elva Bistrița og har om lag 75 000 innbyggjarar.

HistorieEndra

Pechenegar slo seg ned i området på 1100-talet etter dei vart angripe av kumanar og dei kalla området Besenyő. Byen vart øydelagd av mongolar under invasjonen deira av Europa. Dette er skildra i eit dokument frå 1241. Bistrița låg langs fleire handelsvegar og vart ein velståande handelsstasjon i mellomalderen.

Bistrița vart ein fri keisarby i 1330. I 1353 fekk han rettar til å halde ein 15 dagar lang marknad og eit eige segl. I 1465 hadde festningsverka rundt byen 18 forsvarstårn og bastionar som forsvarte dei lokale lauga. Han vart òg forsvart av ei Kirchenburg, ei festningskyrkje.

Han vart ein del av Romania etter 1919, men kom tilbake til Ungarn ein kort periode under den andre verdskrigen.

BusetnaderEndra

Bistrița er ein municipiu (større bykommune) med busetnadane:

Busetnad Folketal 2011[1]
Bistrița 67 272
Ghinda 643
Sărata 998
Sigmir 846
Slătinița 571
Unirea 2 477
Viișoara 2 269

KjelderEndra

ReferansarEndra