Bitjug (russisk Битюг) er ei elv i Tambov og Voronezj oblast i Russland og ei av sideelvane til Don frå venstre. Elva er 379 km lang og har eit nedslagsfelt på 8 840 km². Elva har ei middelvassføring på 18,2 m³/s.

Bitjug
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 8 840 km²
Lengd 379 km
Middelvassføring 18,2 /s
Munning Don
Kart
Bitjug
50°37′33″N 39°55′18″E / 50.625833333333°N 39.921666666667°E / 50.625833333333; 39.921666666667
Wikimedia Commons: Bityug River

Bitjug renn sørover Oka-Don-sletta og gjennom ein brei og stadvis myrlendt dal. Vestsida er høg og skogkledd, medan austsida er låg og hovudsakleg består av dyrka steppeland. Det meste av vasstilførselen til elva kjem frå snøsmelting.

Elva er islagt frå desember til mars/april. Byen Bobrov ligg ved elva.

Kjelder endre