Bitterbergknapp
Bitterbergknapp er ein fleirårig sukkulent plante i bergknappslekta i bergknappfamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Som namnet peiker på har han ein bitter smak.
Bitterbergknapp | |
Bitterbergknapp | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Sildreordenen Saxifragales |
Familie: | Bergknappfamilien Crassulaceae |
Underfamilie: | Sempervivoideae |
Stamme: | Sedeae |
Slekt: | Bergknappslekta Sedum |
Art: | Bitterbergknapp S. acre |
Vitskapleg namn | |
Sedum acre |
Planten vert kring 5 cm høg. Han har krypande skot som er lysgrøne eller brungule. Stenglane er opprette og sideskota klubbeforma. Blada er litt kantete, elles eggrunde. Blomane har breie gule kronblad som er dobbelt så lange som begerblada.
Bitterbergknapp blomstrar kring juni månad på knausar, murar, strender og turr bakke. Planten stammar frå Europa, og veks gjennom heile Noreg.[2] Han finst også som innført plante i Nord-Amerika og på New Zealand.
Planten blir brukt som prydplante, gjerne i steinbed. Han koloniserer også gjerne tørre mennesebygde område som vegkantar og murar.
Kjelder
endre- «Biting Stonecrop», NatureGate
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Svensk Wikipedia.
- Referansar
- ↑ Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av bitterbergknapp Sedum acre for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022.