Björn Kircheisen (fødd 6. august 1983) er ein tysk kombinertløpar frå bygda Erlabrunn i delstaten Sachsen. Han var vunne fire individuelle VM-medaljar, to i sølv og to i bronse, samt åtte sølvmedaljar og ein bronsemedalje i ulike olympiadar og verdsmeisterskap i tida 2002-13. Kircheisen har vunne 20 renn i verdscupen i kombinert, og har to gongar vorte nummer tre, 2003 og 2006, i kampen om FIS sin kombinertpokal (verdscupen i kombinert).

Björn Kircheisen
20180126 FIS NC WC Seefeld Björn Kircheisen 850 9973.jpg
Fødd 6. august 1983
Erlabrunn
Yrke kombinertløpar
Björn Kircheisen på Commons

AktivEndra

Kircheisen debuterte i verdscupen i finske Kuopio i slutten av november 2001. Her vart han nummer to bakom landsmannen Ronny Ackermann. Han deltok i vinterleikane i Salt Lake City og vart individuelt nummer fem i normaløvinga. I lagtevlinga tok han den fyrste av i alt hittil (pr 2013) åtte sølvmedaljar. Dagane 6.-8. desember 2002 vann Kircheisen rubbel og bit i tre strake tevlingar i Trondheim, hans tre fyrste sigrar i verdscupen.

Under ski-VM 2005 i Oberstdorf vann Kircheisen den fyrste individuelle medaljen i eit stort meisterskap. Fem mann var då med i sluttkampen om VM-gullet, Kircheisen hamna på sølvplassen, 1,4 sekund bakom verdsmeisteren Ronny Ackermann. Også i lagtevlinga fekk Kircheisen sølv.

Kircheisen vann nye individuelle VM-medaljar både i 2007 (bronse), 2009 (sølv) og 2013 (bronse). I den sistnemnde meisterskapstevlinga var han ein av fire løparar som kjempa om VM-tittelen, men vart spurtslått av verdsmeister Jason Lamy-Chappuis med tre tidels sekund og austerrikaren Mario Stecher med ein tidels sekund.

Individuelle medaljar og besteplasseringar i meisterskapEndra

  • OL 2002: Nr 5 i normaløvinga, nr 9 i sprint-tevlinga
  • VM 2003: Nr 7 i normaløvinga
  • VM 2005: Sølvmedalje i normaløvinga, nr 4 i sprint-tevling
  • OL 2006: Nr 7 i begge øvingane
  • VM 2007: Bronse i sprint-tevlinga, nr 7 i normaløvinga
  • VM 2009: Sølvmedalje i normalbakke/10km
  • OL 2010: Nr 20 i storbakke/10km
  • VM 2013: Bronsemedalje i normalbakke/10km

Medaljar i internasjonale meisterskap for lagEndra

  • OL 2002: Sølvmedalje i lagtevlinga
  • VM 2003: Sølvmedalje i lagtevlinga
  • VM 2005: Sølvmedalje i lagtevlinga
  • OL 2006: Sølvmedalje i lagtevlinga
  • VM 2007; Sølvmedalje i lagtevlinga
  • VM 2009; Sølvmedalje i lagtevlinga
  • OL 2010: Bronsemedalje i lagtevlinga
  • VM 2011; Sølvmedalje i begge lagtevlingane

BakgrunnsstoffEndra

  • (en) Björn Kircheisen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.