63°23′4.0092″N 9°10′57.036″E / 63.384447000°N 9.18251000°E / 63.384447000; 9.18251000 Bjørkøyfjorden er ein delfjord av Hemnfjorden i kommunane Heim og Orkland i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 6 km søraustover og utgjer den smale delen av Hemnfjorden.

Fjorden har innløp mellom Stokkaunbukta i aust og Innervågen i vest. Dei nordlege delen av fjorden er ikkje utbygd. Sør i fjorden ligg Bjørkøya, som fjorden er kalla opp etter, midt i fjorden. Sør for Bjørkøya ligg Storodden med fleire gardar. Tvers over fjorden for Storodden ligg Tannvikvågen. Fjorden endar sør for desse to stadane.