63°27′10.670″N 9°6′25.124″E / 63.45296389°N 9.10697889°E / 63.45296389; 9.10697889

Hemnfjorden
fjord
Kyrksæterøra og Hemnfjorden
Foto: Kjetil Bjørnsrud
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Del av Norskehavet
Kart
Hemnfjorden
63°27′11″N 9°06′25″E / 63.45305556°N 9.10694444°E / 63.45305556; 9.10694444

Hemnfjorden er ein fjordarm av Trondheimsleia i kommunane Heim, Hitra og Orkland i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 25 km sørover til Kyrksæterøra i botn av fjorden, men medrekna sidefjorden Snillfjorden er lengda 30 km.

Fjorden har innløp mellom Ytterøya i sørvest og Hemnskjel i nordaust. Den ytst delen av fjorden er vid med ei breidd på 5-6 km, og i denne delen ligg fleire øyar, som Stamnesøya, Fugløya, Jamtøya og Tynsøya. Sør for Tynsøya strekkjer Åstfjorden seg austover til Åstsjøen. Det ligg få større busetnader i denne delen av fjorden, men før fjorden smalnar inn ligg grenda Heim på vestsida.

Ved Heim smalnar fjorden og skiftar namn til Bjørkøyfjorden, som er 1,5-2 km brei. Heilt sør i Bjørkøyfjorden ligg Tannvikvågen. Sør for Tannvikvågen vert fjorden breiare igjen og skiftar tilbake til namnet Hemnfjorden. Her deler fjorden seg òg i to. Hemnfjorden held fram sørvestover til Kyrksæteræra, medan Snillfjorden til tettstaden Krokstadøra.

I den indre delen av Hemnfjorden går Fv300 langs vestsida av fjorden, medan Fv301 går på austsida. Frå Tannvikvågen går Fv305 nordover langs eit lite stykke av fjorden, og i dei ytre delane går Fv292 på austsida.