Bjørkedalsvatnet

innsjø i Volda kommune

Bjørkedalsvatnet er ein innsjø som ligg i Bjørkedalen i Volda kommune i Møre og Romsdal. Innsjøen er 3600 m lang og jamnt over 1000-1200 m brei. Han smalnar av mot nord, der Vassenden er. Frå Vassenden fører Vassendelva ned til Kilsfjorden. Vatnet går gjennom tre korte elvar og to vatn før det er i sjøen.

Bjørkedalsvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Volda
Høgd over havet 25 moh.
Areal 3,83 km²
Middeldjupn 51 m
Største djupn 123 m
Volum 0,195 km³
Kystlengd1 11,32 km
Koordinatar 62°0′29″N 6°3′46″E / 62.00806°N 6.06278°E / 62.00806; 6.06278
Kart
Bjørkedalsvatnet
62°00′29″N 6°03′46″E / 62.00805556°N 6.06277778°E / 62.00805556; 6.06277778
Wikimedia Commons: Bjørkedalsvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Langs Bjørkedalsvatnet ligg matrikkelgardane Nøre-Bjørkedal (i aust), Helset (ved sørenden) og Løset, Eidseflot og Søre-Bjørkedal (på vestsida). Norddelen av vatnet er ubebodd.

Riksveg 651 går langs vestsida av vatnet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.