Bjørndalsfjorden

68°45′52″N 15°01′32″E / 68.76444°N 15.02556°E / 68.76444; 15.02556 Bjørndalsfjorden er den inste delen av Eidsfjorden i Sortland og Øksnes kommune i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 2 km nordvestover til Skjerfjordeidet. Frå botn av fjorden er det berre om lag 700 meter over eidet til botn av Skjerfjorden.

Fjorden har innløp mellom dei sundet Straumen på sørsida av Rekøya. Sundet på nordsida av øya er lukka av ei vegfylling over til øya. Bjørndalen, som fjorden er kalla opp etter, ligg på nordsida av fjorden. Her ligg det òg eit gardsbruk, men elles er det ingen busetnader langs fjorden.

Riksveg 820 går langs nordaustsida av fjorden.