Skjerfjorden
Skjerfjorden er ein fjordarm av Sandsetfjorden på Langøya i Øksnes kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2,5 km søraustover til Skjerfjordeidet i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Sandsetneset i nord og Avløysa i sør. Grenda Ramsvika ligg på nordaustsida av fjorden. Frå Skjerfjordeidet er det om lag 600 meter over til botn av Eidsfjorden.
Riksveg 820 går langs sørvestsida av fjorden, medan Fv950 går langs nordaustsida.