Bjørnsonfestivalen

Bjørnsonfestivalen er ein internasjonal litteraturfestival som er blitt halden årleg i august i Molde og Nesset sidan 1992. Han blei grunnlagd av forfattaren Knut Ødegård i samband med 250-årsjubileet til Molde by. Festivalen har namn etter nobelprisvinnaren Bjørnstjerne Bjørnson, som voks opp på Nesset prestegård og gjekk på skule i Molde.

Festivalen følgjer Bjørnson si and ved å fokusera på fred, menneskerettar og ytringsfridom, og har vore ein pådrivar for å få Molde inn i nettverket av fribyar for forfølgde forfattarar. I samband med dette blei fredslunden ved Kongebjørka i Molde innvigd i 1997. Blant dei som har planta tre i lunden er Yasar Kemal, Thor Heyerdahl, Amos Oz, Hans Blix, den islandske presidenten Vigdís Finnbogadóttir og nobelprisvinnarane Seamus Heaney og Wole Soyinka.

Den høge vernaren til festivalen er sidan 2005 kronprins Haakon. Prinsesse Märtha Louise var det frå 1994 til 2005.[1]

Bjørnsonfestivalen har kontor i huset Forum. I 2012 flytta festivalen inn i nye lokale i kulturbygget Plassen. Johild Kosberg Bredin blei festivalsjef i 2016.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Om Festivalen/About our festival», Bjørnsonfestivalen 7. - 11.9.2022 (på norsk), henta 25. juni 2022 

Bakgrunnsstoff endre