Opna hovudmenyen

Prinsesse Märtha Louise av Noreg (fødd 22. september 1971) er ei norsk prinsesse, dotter av kong Harald og dronning Sonja.

Prinsesse Märtha Louise av Noreg
Prinsessan Märtha Louise av Norge.jpg
Fødd1971-09-2222. september 1971
Oslo, Noreg
TittelPrinsesse av Noreg
Alle titlarPrinsesse av Noreg
Fullt namnMärtha Louise
LandNoreg
MorSonja
FarHarald V
EktefelleAri Behn
SambuarDurek Verrett
BarnMaud Angelica Behn, Leah Isadora Behn, Emma Tallulah Behn

Märtha Louise vart oppkalla etter farmor si, kronprinsesse Märtha av Noreg. Ho fekk seinare veslebroren Haakon Magnus, som vart kronprins av Noreg.

I 1990 vart den norske grunnlova endra slik at kvinner fekk arverett til trona. Den eldste prinsessa eller prinsen går føre i arverekkja. Endringa vart ikkje gjort med attendeverkande kraft, slik at Märtha Louise kjem bak den yngre bror sin i arverekkja.

1. februar 2002 sa ho frå seg tittelen høgvyrde prinsesse. Ho mottek ikkje lenger apanasje og er sjølvstendig næringsdrivande.

Den 24. mai 2002 vart Märtha Louise gift med forfattaren Ari Behn. Dei har tre døtrer, Maud Angelica fødd i 2003, Leah Isadora fødd i 2005, og Emma Tallulah fødd i 2008.

Som faren stammar Märtha Louise direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia. Ho står difor på lista over dei som har arverett til den britiske trona.

Mellom utmerkingane Märtha Louise har fått, er òg storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

BornEndra

TitlarEndra

Hennar Kongelege Høyhet Prinsesse Märtha Louise av Noreg (1971-2002)
Prinsesse Märtha Louise av Noreg

GalleriEndra

Märtha Louise av Noreg

Sjå ògEndra