Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet
Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet, Det Norske Akademi for Litteratur og Ytringsfrihet er eit norsk litterært akademi grunnlagt av forfattaren Knut Ødegård i 2003. Det har som føremål å «arbeide for fremme av litteratur og for kunnskap om også andre litterære og kulturelle ytringsformer enn de som tilhører vår egen kulturkrets, også for ytringsfrihet i Bjørnstjerne Bjørnsons ånd [...].»[1]
Medlemmar i akademiet er framstående norske og utanlandske forfattarar, forskarar, journalistar og politikarar. President er Hege Newth Nouri. Knut Ødegård var president frå 2003 til 2014. Ine Harrang er administrativ leiar.
Bjørnsonprisen
endreAkademiet deler årlig ut den internasjonale Bjørnsonprisen til personar eller en institusjonar som har «bidratt i stor grad i en internasjonal sammenheng innen det området som omfattes av akademiets formål.»[2] Prisutdelinga skjer seint om hausten, i samband med det årlege seminaret til foreininga på Bjørnsonhuset i Molde. Prisen består av 100 000 kroner, ein statuett av Hagbart Solløs, og eit diplom av Ellen Maria Heggdal.
Mottakarar av prisen er:
- 2004 — Vivian Fouad og Samir Morcos (Egypt), brubyggjarar mellom muslimar og kristne[3]
- 2005 — Esma Redzepova (Makedonia), forkjempar for sigøynarar og barn[3]
- 2006 — Hrant Dink,[3] sjefredaktør for det armenske tidsskriftet Agos (Istanbul), for sitt oppgjer med den tyrkiske behandlinga av armenarane
- 2007 — Adonis[3] (psevdonym for Ali Ahmad Said Asbar), syrisk-libanesisk lyrikar, brubyggjar mellom religiøse og nasjonale grupperingar i Midtausten
- 2008 — Ola Larsmo, svensk forfattar, for nytt fokus på antisemittisme i Norden[3]
- 2009 — Grigorij Pomerants (Russland) filosof og Zinaida Mirkina (Russland) diktar, for arbeid for ytringsfridom i Russland[3]
- 2010 — Einar Már Guðmundsson, islandsk forfattar og Milan Richter, slovakisk lyrikar og intellektuell[3]
- 2011 — Ola Didrik Saugstad og Marte Wexelsen Goksøyr[4]
- 2012 — Biskop Thomas av al-Qusiyya og Mair, Wojoud Mejalli og David Zonsheine[5]
- 2013 — Yaşar Kemal [6]
- 2014 — Kristin Solberg[7]
- 2015 — Edward Snowden, for «hans arbeid for personvernet, og for å rette et kritisk søkelys mot staters overvåkning av sine og andres innbyggere».[8]
- 2016 — Cecilia Dinardi, «for hennes omfattende, langvarige og uegennyttige faglige og menneskelige innsats for barn og unge asylsøkeres rettigheter.»[9]
Kjelder
endre- ↑ Akademiet, bjornsonakademiet.no, arkivert frå originalen 21. september 2016, henta 20. november 2016
- ↑ Bjørnsonprisen, bjornsonakademiet.no, arkivert frå originalen 21. november 2016, henta 20. november 2016
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Bjørnsonprisen, 03/07/2013, arkivert frå originalen 6. august 2017, henta 6. august 2017
- ↑ Bjørn Ivar Voll (19.10.2011), Bjørnsonprisen for første gong til to nordmenn, NRK.no
- ↑ «Disse tre deler Bjørnsonprisen», NRK Møre og Romsdal, 11. oktober 2012. Besøkt 3. november 2012.
- ↑ rbnett.no Bjørnsonprisen til Yaşar Kemal 09. oktober 2013
- ↑ Bjørnsonprisen til journalist Kristin Solbergl 23. september 2014
- ↑ Steinar Solås Suvatne (2. juni 2015), «Edward Snowden får Bjørnson-prisen og inviteres til Norge», Dagbladet
- ↑ Bjørnsonprisen 2016 til Cecilia Dinardi, bjornsonakademiet.no, 31/05/2016, arkivert frå originalen 29. desember 2016, henta 20. desember 2016
- Denne artikkelen bygger på «Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2016.