Bjarne Andreas Brandal (fødd 9. mai 1966 i Bodø) er ein norsk fotballkommentator og TV-programleiar i NRK. Som sportsjournalist har han følgt Fotballklubben Bodø/Glimt sidan 1995. Han er svoger til historikaren Nik Brandal.

Brandal har utdanning frå Universitetet i Bergen. Før han vart journalist i NRK, var han redaktør ved Melburadioen i Hadsel i Vesterålen.

Dei største høgdepunkta som sportsjournalist og sportskommentator var:

Bodø/Glimt sitt seriesølv i 2003.

Cupfinalen 2003 mellom Rosenborg og Bodø/Glimt, der Bodø/Glimt tapte etter overtid og straffespark.

Bodø/Glimt sitt seriesølv i Eliteserien 2019 då Bodø/Glimt lenge låg an til å vinne serien, men svikta mot slutten av sesongen.

Bodø/Glimt sitt seriegull i 2020, der Glimt slo utallige rekordar, som mellom anna flest scora mål(103), største sigersmargin (19 poeng), flest poeng i løpet av ein sesong (81) og flest borte- og heimesigrar. Sesongen føregjekk òg i starten av koronapandemien, noko som betydde at Brandal var ein av få som fekk kome på Aspmyra stadion for å kommentere kampane.

Brandal kommenterte òg Bodø/Glimt - Roma den 21. Oktober 2021 då Bodø/Glimt vann 6-1

Kjelder endre