Bjarne H. Henriksen
Bjarne Henry Henriksen (15. august 1904–6. februar 1995) var ein norsk arbeidar og politikar frå Arendal. Han representerte Aust-Agder og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1954 til 1969.
Bjarne H. Henriksen | |||
Fødd | 15. august 1904 Arendal | ||
---|---|---|---|
Død | 6. februar 1995 (90 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Henriksen var son til ein snikkar. Sjølv var han industriarbeidar frå 1918 til 1948, bortsett frå åra 1921-27, då han arbeidde på kontor. Frå 1948 til -53 var han disponent for avisa Tiden i Arendal.
Henriksen var medlem av landsstyret i Arbeidernes Ungdomsfylking frå 1933 til -35. Han var medlem i bystyret i Arendal 1934-37 og frå 1945 til 1965. Åra 1950-53 var han varaordførar.
Hausten 1953 vart Henriksen vald inn på Stortinget frå Aust-Agder, og med attval i 1957, 1961 og 1965 vart han sitjande på Tinget til 1969. Dei fire fyrste sesjonane var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Sidan hadde han plass i Finanskomiteen, sekretær i denne i tida 1963-65.