Bjarne Ljones (15. januar 19137. april 2004) var ein norsk hagebrukskunnig og forfattar frå Ulvik.

Bjarne Ljones
Fødd 15. januar 1913
Død

7. april 2004

Yrke skribent

Ljones vart i 1938 utdanna hagebrukskandidat frå Noregs Landbrukshøgskule. Dei neste tre-fire åra var han fruktkontrollør i Oslo og hagebrukslærar på Bærum yrkesskule. Frå 1942 til -46 arbeidde han som sekretær i Landbruksdepartementet. Sidan 1947 var han tilsett ved NLH på Ås, frå 1949 som amanuensis og frå 1954 som professor i fruktdyrking.

Ljones skreiv fleire titals arbeid om frukt- og bærdyrking. Han er elles kjend for å ha skrive viseteksta «Sider».

KjelderEndra