Bjarte Birkeland (26. desember 19207. april 2000) var ein norsk litteraturforskar. Han blei cand.philol med norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1948. Seinare var han professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen 1969-1984, og arbeidde særleg med nynorsk litteratur, mellom anna gjennom doktoravhandlinga om Per Sivle frå 1962, som seinare har blitt ståande som eit standardverk innanfor Sivle-forskinga, og to verk om Olav Duuns dikting. Han var òg medverkande i fleire bøker om norsk litteraturhistorie.

Bjarte Birkeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. desember 1920
Noreg
Død

7. april 2000 (79 år)

Yrke litteraturhistorikar, universitetslærar
Språk nynorsk

I studieåra var han aktiv i Studentmållaget i Oslo, og hadde fleire verv, mellom anna som formann. Seinare hadde han fleire verv i ymse kulturinstitusjonar, var redaktør i Syn og Segn frå 1960 til 1968, og var første faste tilsette forlagssekretær og styremedlem i Samlaget. I 1979 blei han heidersmedlem i Samlaget. Ei tid arbeidde han også på deltid i Noregs Boklag. Redaktørtida hans i Syn og Segn var ei opplagsmessig framgangstid, og bladet fekk under Birkelands leiing[1] ein breiare populærvitskapleg profil. Samstundes var han også aktiv skribent i dagspressa og ulike tidsskrift.

Verk i utval endre

  • Naturskildringane i Olav Duuns diktning føre "Juvikfolke" (1948)
  • Per Sivle (1962)
  • Olav Duuns soger og forteljingar (1976)
  • Folkemål og danning – nynorske lærebøker 1867–1914 (1986)
  • Essay i utval (1986)

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. I periodar var han medredaktør saman med høvesvis Olav Midttun og Berge Furre.