Bjelland kyrkje
Bjelland kyrkje er ei krosskyrkje frå 1793 på Bjelland i Lindesnes kommune i Agder fylke.[1] Byggverket er i tre, og har 300 sitjeplassar og galleri.[2]
Bjelland kyrkje | |||
kyrkje | |||
Bjelland kyrkje ca. mellom 1900 og 1910
| |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark bispedømme | ||
Prosti | Lister og Mandal | ||
Sokn | Bjelland sokn | ||
Fellesråd | Lindesnes | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1793 | ||
Kyrkjegard | Det er kyrkjegard ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 300 | ||
Bjelland kyrkje 58°22′47″N 7°31′38″E / 58.37972222°N 7.52722222°E | |||
Wikimedia Commons: Bjelland kirke |
Dagens kyrkje er den tredje på staden, den første var frå mellomalderen, den andre frå 1600-talet.
Innvendig er veggane dekorerte med rosemåling laga av Gutorm Persson Eftestøl (1779-1856) i samarbeid med rosemålaren Knud Knudsen Årstøl.[3] Eftestøl har òg stått for altartavla.
Kjelder
endre- ↑ «Bjelland kyrkje». Kyrkjesøk. Henta 26. oktober 2014.
- ↑ Alf Henry Rasmussen, red. (1993). Våre kirker - norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 464. ISBN 82-75-27022-7.
- ↑ Frithjof Fonahn. «Gutorm Persson Eftestøl». Norsk kunstnerleksikon. Henta 27. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- «Bjelland kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Bjelland kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren