Rosemåling

dekorativ måling i norsk folkekunst

Rosemåling er den vanlege nemninga på ein type tradisjonell dekorativ, ornamental kunstmåling som var vore i bruk i Noreg i nyare tid. Blømingstida for stilen er sagt å vera om lag 1750 og frametter til 1900. Handverket er framleis levande i brukskunstmiljø i fleire norske bygder, og blant norsk-amerikanarar.

Rosemåla tine.
Foto: Erik A. Drabløs
Frå rosemåla Uvdal stavkyrkje i Buskerud.
Foto: Frode Inge Helland

Motiva i rosemåling er først og fremst frie, svungne blomar og blad som fyller flatene i sterke og ofte raffinerte fargekombinasjonar.

Stildrag endre

Akantusranken er kanskje det mest attkjennelege trekket ved stilen. Akantusen syner seg i ulike former over store delar av tradisjonsområdet, og vert utbrodert på ymse vis. Utnyttinga av blomerankar syner slektskap til europeisk dekorativ kunst i både barokk og rokokko. Det er rimeleg å tru at dei ulike rosemålingsstilane har latt seg påverke av desse. Til dømes syner austlandsmålinga mange drag av slektskap. Målinga har nok vakse fram i kontakten med Nederland i seglskutetida. Det er påvist likskap i stil i mellom anna Hindelopen nedst i Frisland.

Bruksområde endre

Rosemålinga syner seg frå byrjinga på ølbollar og andre drikkebollar, kister av ulike slag, tiner, hengjeskåp og feler. Dei mest velhaldne bøndene kosta på seg å få smykka ut heile stover.

Fargar endre

Målarane nytta ofte ulike nyansar av blått, raudt og oker. Kvitt blanda dei av sink, medan blått vart teken frå ulike slag stein dei fann i fjellet. I den klassiske rosemålingstida laga kunstnarane oftast fargane sjølv.

Bakgrunnsstoff endre