Bjorli skisenter er eit skisenter som ligg i Bjorli i Lesja kommune i Oppland. Anlegget har 6 skiheisar, 11 preparerte nedfartar med ulike vanskegradar, barneheis og eigen terrengpark med hopp, rails og halfpipe. Skisenteret har ein høgdeforskjell på 650 meter, og det høgste punktet i anlegget er 1250 moh. Totalt er det 19,6 km med nedfart.[1]

Bjorli skisenter har utleige av ski og skiskule. I området er det om lag 100 km oppkøyrde langrennsløyper i variert terreng.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra