Blå time
Den blå timen kjem av det franske uttrykket l'heure bleue, som syner til perioden med tussmørker kvar morgon og kveld når det korkje er fullt dagslys eller heilt mørkt, og himmelen har ei anna blåfarge enn om dagen. Fenomenet skuldast Rayleigh-spreiinga av sollyset.
Den blå timen vert rekna som spesiell på grunn av lyskvaliteten på denne tida av dagen, og både sjølve uttrykket og det naturfenomenet det refererer til, er mykje nytta i kunstnarisk samanheng og i populærkulturen.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Blue hour» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2011, supplert med opplysningar frå fransk Wikipedia.