Ystad
Ystad er ein svensk by i Skåne län i landskapet Skåne, 55 km søraust for Malmö. Han er administrasjonssenter for Ystad kommune og i 2011 hadde byen 18 350 innbyggjarar.
Han er eit handelssenter for det søraustlege Skåne med verkstads- og næringsmiddelindustri. Byen er òg eit veg- og jernbaneknutepunkt med ferjesamband til Rønne på Bornholm og Šwinoujście i Polen. Ystad er ein turist- og badestad og ein av dei best bevarte mellomalderbyane i Sverige med mange gamle bindingsverkshus. Mariakyrkja er frå kring 1200, medan Gråbrødreklosteret er frå 1267. Ystad fekk bystatus på midten av 1200-talet.
KjelderEndra
- Ystad. (04.12.2011) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Ystad