Blåis er eit omgrep for den nedre delen av ein isbre, der snøen smeltar om sommaren og det er is i overflata.

Blåis over Fryxellsjøen i Transantarctic Mountains i Antarktis

Når breen flyttar på seg vert luftbobler i isen pressa ut og storleike på iskrystallane aukar, slik at isen vert klår.

I somme område har jordskjelv heva blåisen over bakkenivå og skapt formasjonar som store frosne bølgjer.

Blåfargen vert ofte tilskrive rayleigh-spreiing. I staden er isen blå av same årsak som at vatn er blått, som følgje av ein overtone av oksygen-hydrogen-band (O-H) som absorberer lys i den raude enden av det synlege spektrumet.[1]

Rullebanar i Antarktis endre

Blåisen kjem fram i område av Antarktis der det ikkje fell snø, eller i område der snøfall vert motverka av sublimasjon eller andre tap. Desse områda har vorte nytta som rullebanar, på grunn av den harde overflata.

Kjelder endre

  1. Why Is Water Blue, arkivert frå originalen 25. mai 2019, henta 5. september 2011 

Bakgrunnsstoff endre