Blålyngslekta
planteslekt
Blålyngslekta (Phyllodoce) er ei lita planteslekt i lyngfamilien. Fleire artar veks naturleg i kalde område i Nord-Amerika, særleg i vest og nord.[1] Éin art, blålyng, veks i Nordvest-Europa, medan Phyllodoce nipponica kjem frå Japan.
Blålyngslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Lyngfamilien Ericaceae |
Underfamilie: | Ericoideae |
Stamme: | Phyllodoceae |
Slekt: | Blålyngslekta Phyllodoce Salisb., 1806 |
Fleire av plantane i slekta blir nytta som pryd- eller hageplantar.[2]
Nokre artar
endre- Phyllodoce aleutica
- Phyllodoce breweri
- Phyllodoce caerulea
- Phyllodoce empetriformis
- Phyllodoce granduliflora
Norske artar i blålyngslekta
endreI Noreg veks éin art frå slekta, blålyng (Phyllodoce caerulea)
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Lappljungssläktet» frå Wikipedia på svensk, den 28. november 2010.