Blåmann Barnebokklubb

Blåmann Barnebokklubb, til vanleg kalla Blåmann, var ein bokklubb for born mellom 2 og 12 år. Klubben vart stifta av Det Norske Samlaget i 2001 og tilbaud berre bøker på nynorsk. Redaktør var Erle Stokke. I 2009 selde Samlaget bokklubben og den nynorske nettbokhandelen Bokdykk til private investorar, m.a. Trond Økland frå Florø. Blåmann barnebokklubb vart nedlagt i 2012.

Namnet Blåmann har klubben frå songen Blåmann, skriven av Aasmund Olavsson Vinje


Bakgrunnsstoff

endre