Blått auga-galaksen

sprialgalakse i stjernebiletet Berenikes hår

Blått auga-galaksen (katalogisert M64 og NGC 4826) er ein spiralgalakse som ligg rundt 17 millionar lysår unna i stjernebiletet Berenike sitt hår. Galaksen er kjend for det spesielle mørke bandet av støv framfor galaksen sin kjerne som har gjeve han namnet. Galaksen er òg spesiell ved at interstellar gass i dei ytre regionane roterer i motsett retning av resten av galaksen.[1]

Hubble-bilete av Blått auga-galaksen. Unge nydanna blå stjerner kan sjåast på biletet i form av rosa regionar som er hydrogengass fluorescert av den ultrafiolette strålinga frå desse stjernene.[1]

Aktiv stjernedanning føregår i skiljet mellom rotatsjonsretningane då gassen der blir komprimert og trekkjer seg saman til nye stjerner. Det er teorisert at den motsette rotasjonen til gassen skyldast at Blått auga-galaksen for rundt éin milliard år sidan absorberte ein mindre galakse som den kolliderte med. Denne galaksen er no nesten fullstendig øydelagd, men teikn på kollisjonen eksisterer framleis i form av den bakoverroterande gassen.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Dust Band Around the Nucleus of "Black Eye Galaxy" M64» - biletteksten til Hubble-biletet på èi av dei to offisielle heimesidene til teleskopet.