Black Dyke Band, tidlegare Black Dyke Mills Band, er eit verdskjent brassband som vart stifta i 1855, med røter til eit band frå 1816 (som seinare vart oppløyst).[1] Det var tidlegare bandet til Black Dyke Mills i Queensbury i West Yorkshire i England, eit selskap som tilhøyrde John Foster. Foster, som spelte valthorn, etablerte saman med andre eit lite orkester i Queensbury i 1816. Dette overlevde ikkje, men i 1855 etablerte Foster det nye føretaksorkesteret og utstyrte det med uniformer laget av stoff frå fabrikken. Sidan då har bandet vore aktivt og det øver framleis i dei opphavlege lokala.

Black Dyke Band

Aktiv1855–
PlateselskapApple Records

Innspelingar endre

 
Øvingslokala til Black Dyke

I september 1968 gav orkesteret ut ein singel på The Beatles sit merke Apple Records. A-sida var ein instrumental komponert av Lennon/McCartney kalla «Thingumybob» (temamusikk for ein situasjonskomedie på Yorkshire Television) med same namn med Stanley Holloway). Baksida var ein brassbandinstrumental av ein annan Lennon/McCartney-komposisjon, «Yellow Submarine». Singelen blei gjeven ut under namnet John Foster & Sons Ltd Black Dyke Mills Band, produsert av McCartney. Han var ein av dei første fire singlane gjevne ut på Apple.

Black Dyke Band har laga mange innspelingar av klassisk musikk og andre sjangrar. Ensemblet har spelt inn med den klassiske trombonisten Douglas Yeo, så vel som med popmusikarane Tori Amos, Peter Gabriel and The Beautiful South. Det har òg samarbeidd med Gabriel på det kritikarroste Millennium Show i Millennium Dome og spelt inn musikk for BBC-programmet Ground Force.

Prisar og utmerkingar endre

Bandet har vunne fleire prisar og konkurransar gjennom åra. Black Dyke var det første bandet som tok Grand Slam, då det i 1985 vann alle dei fire anerkjende konkurransane «Yorkshire Brass Band Championships», «European Brass Band Championships», «British Open» og «National Brass Band Championships». Det blei òg «BBC Band of the Year 1985».[2]

I 2009 vann bandet «National Brass Band Championships of Great Britain» for 22. gong.

I 2015 vann bandet europameisterskapet for brassband for 13. gong.

RNCM endre

Black Dyke Band er husorkester for Royal Northern College of Music i Manchester.

Kjelder endre

  1. «A black day at Black Dyke as bandmaster quits», the Guardian (på engelsk), 3. juli 2000, henta 21. desember 2021 
  2. 4barsrest.com The Complete Champions

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Black Dyke Band