The Black Eyed Peas

(Omdirigert frå Black Eyed Peas)

The Black Eyed Peas, tidlegare berre Black Eyed Peas, er ei amerikansk musikkgruppe skipa i 1995. Ho består av rapparane will.i.am, apl.de.ap og Taboo og tidlegare var også songaren Fergie med. Gruppa begynte som ei alternativ hip-hop-gruppe, men endra musikkstilen sin etter kvart i retning av pop og dance-pop.[1] Sjølv om gruppa vart gunnlagt i Los Angeles i 1995, var det ikkje før Elephunk, det tredje albumet deira vart sleppt at dei oppnådde høge platesal. Sidan den gongen har gruppa selt om lag 76 millionar plater (35 millionar album og 41 millionar singlar). Dette gjer dei til ei av dei mestseljande gruppene nokonsinne.[2]

The Black Eyed Peas

The Black Eyed Peas opptrer i 2011. F.v.: Taboo, will.i.am, apl.de.ap, Fergie.
OpphavLos Angeles, California, USA
Aktiv1992 - i dag
SjangerHip-hop, pop, dance-pop, EDM.
Tilknytte artistarAtban Klann, David Guetta, Justin Timberlake
PlateselskapInterscope, will.i.am, A&M
Medlemmerwill.i.am
apl.de.ap
Taboo
Tidlegare medlemmerFergie
Dante Santiago
Kim Hill
Sierra Swan

Den første store hiten deira var singelen «Where Is the Love?» som kom ut i 2003. Singelen var med på Elephunk, og toppa listene i 13 land, mellom anna Storbritannia. Der blei han liggjande på førsteplass i sju veker og vart den mest selde singelen i landet i 2003. Ein annan europeisk hitsingel frå albumet var «Shut Up». Det fjerde albumet deira, Monkey Business vart ein endå større suksess på verdsbasis. Det selde til fire gonger platina i USA, og det vart gitt ut fire singlar frå albumet: «Don't Phunk with My Heart», «Don't Lie», «My Humps» og «Pump It». I 2009 vart gruppa ei av berre 11 musikkartistar som har halde både første og andreplassen på Billboard 100-lista samtidig; det gjorde dei med singlane «Boom Boom Pow» og «I Gotta Feeling». Sistnemnde sette ny rekord ved å toppa lista i 26 samanhengande veker. Albumet som singlane er henta frå,The E.N.D, produserte seinare ein tredje singel som kom på førsteplass på lista, «Imma Be». Det er berre få grupper som har fått tre singlar frå eitt og same album på førsteplass på Billboard-lista, og i tillegg kom både «Rock That Body» og «Meet Me Halfway» blant topp ti. «I Gotta Feeling» vart den første singelen som selde meir enn ein million nedlastingar i Storbritannia.[3]

Under den femtiandre Grammy-prisutdelinga, som fann stad i januar 2010 var gruppa nominert til seks prisar og vann tre av dei. I november 2010 sleppte dei ut albumet The Beginning. I februar 2011 opptredde gruppa på den prestisjetunge halvtidsunderhaldninga under Super Bowl.

Studioalbum endre

  • Behind the Front (1998)
  • Bridging the Gap (2000)
  • Elephunk (2003)
  • Monkey Business (2005)
  • The E.N.D. (2009)
  • The Beginning (2010)

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. http://www.billboard.com
  2. Online, Wales (14. juni 2010). «Black Eyed Peas celebrate download milestone». Western Mail (Wales). Henta 20. september 2012. 
  3. «Black Eyed Peas set downloads record». BBC News. 21. juni 2010.