Grammy Award

(Omdirigert frå Grammy)

Grammy Award (Grammy) er ein amerikansk musikkpris som blir delt ut årleg av The Recording Academy (ei samanslutning av personar i den amerikanske musikkindustrien). Prisen er blitt delt ut sidan 1959 for prestasjonar innan musikk som er blitt gjeven ut i USA året før. [4] Prisen blir delt ut kvart år i februar, og blir sett på som ein parallell til Academy Award (Oscarprisen) i film.

Grammy Award

2003 Technical Grammy Award Sjå dette på Wikidata
Skipa1958
LandUSA[1][2][3]
Nettstadhttps://www.grammy.com (engelsk)

På same måte som ved Oscarprisen skjer utdelinga etter røyster frå dei med røysterett i Recording Academy, og ikkje på grunnlag av popularitet eller tal på selde plater. Utmerkinga har fått namn etter troféet som vinnarane mottar, ein forgylt miniatyr av ein gamaldags grammofon.

Talet på sjangrar og kategoriar ein deler ut prisar kan endra seg. I 2018 delte ein ut 84 prisar innan 30 ulike sjangrar.[4] Grammyprisen blir hovudsakleg delt ut til engelskspråkleg musikk. Det finst ein tilsvarande pris for songar på spansk eller portugisisk, Latin Grammy Award.

Historie endre

Grammy-prisen blei skipa etter arbeidet med Hollywood Walk of Fame i 1950-åra.[5][6] Folk som sat i Walk of Fame-komiteen for viktige personar innan musikkindustrien såg at ei rekkje leiande personar aldri ville få ei stjerne langs Hollywood Boulevard, og bestemte seg for å skipa ei utmerking for å heidra desse, tilsvarande Oscar- og Emmy-prisen. Dette var byrjinga på National Academy of Recording Arts and Sciences, seinare The Recording Academy.

Dei første prisane blei delte ut for musikk frå 1958. Dei fekk namnet Grammy etter grammofonen, Emile Berliner si oppfinning som hadde hatt ein sentral plass i musikkindustrien. Andre namneforslag var Eddie, til ære for Thomas Edison, oppfinnaren av fonografen.[7][8][9]

Den første prisutdelinga blei halden 4. mai 1959 på to stader samstundes - Beverly Hilton Hotel i Beverly Hills i California, og Park Sheraton Hotel i New York.[10] Ved denne tilstellinga blei det delt ut 28 prisar. Seinare har talet på prisar auka og endra seg, slik at det ei tid blei delt ut over 100 prisar.[11] Den andre prisutdelinga, som også blei halden i 1959, var den første som blei send på fjernsyn, men ikkje direktesend.[12] Den første direktesendingar av utdelinga fann stad ved den 13. prisutdelingari 1971.[13]

Kjelder endre

  1. Store norske leksikon (på norsk bokmål og norsk nynorsk), ISSN 2464-1480, SNL-identifikator Grammy, Wikidata Q746368, henta 30. september 2022 
  2. Cultureel Woordenboek (på nederlandsk), Cultureel Woordenboek-id populaire-muziek/grammy, Wikidata Q3010887, henta 30. september 2022 
  3. Encyclopædia Britannica (på engelsk), EBO-identifikator art/Grammy-Award, Wikidata Q5375741, henta 30. september 2022 
  4. 4,0 4,1 «Voting Process Frequently Asked Questions». Recording Academy. Henta 22. april 2018. 
  5. «Hollywood Walk of Fame History». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 10. juni 2011. Henta 21. mai 2011. 
  6. «Hollywood Walk of Fame History». Hollywood Walk of Fame. Henta 21. mai 2011. 
  7. Thomas, Bob (April 8, 1959). «Record Academy Plans TV Spectacular of Its Own». Ocala Star-Banner. Henta 29. januar 2011. 
  8. «Recording Stars Plan Eddie To Join Oscar And Emmy». The Deseret News. 9. august 1957. Henta 2. februar 2011. 
  9. «Bronze Stars Begot Grammy». The Robesonian. 22. februar 1976. Henta 2. mai 2011. 
  10. «Grammy Awards 1959 (May)». Grammy. 
  11. «Grammys history and winners through the years». Los Angeles Times. 28. januar 2015. 
  12. «Grammy Awards 1959». Grammy. 
  13. «Grammy Awards 1971». Grammy. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Grammy Award