Bladbåt, lauvbåt eller sivbåt er ein leikebåt laga av eit enkelt blad som er bretta til ei båtform. Slike båtar er kjende frå mange kulturar, og kan lagast av blad frå ulike plantar. Store, lange blad frå siv som takrøyr, bambus eller sverdlilje kan brukast.

Bladbåt i ei skål

Tilverking endre

Video av korleis ein lagar ein bladbåt på skotsk vis frå eit sverdliljeblad (utan lyd)
 
Ulike typar bladbåt. Båten i midten er mest stabil og seglar best, medan den øvste er enklast å laga.

Vanlegvis lager ein bladbåtar på dette viset:

  1. Brettar over endane av bladet
  2. Riv bladet på begge sider av midtvena
  3. Stikk dei rivne delane inn i kvarandre for å danna baug og stamn
  4. Brettar eit segl og stikk den borterste enden inn i stamnen

Namn på ulike språk endre

Kjelder endre

Sjå òg endre